Hopp til innhald

Sylhet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sylhet
by
Land  Bangladesh
Areal 26,50 km²
Folketal 479 837 (2011)[1]
Kart
Sylhet
24°54′00″N 91°52′00″E / 24.9°N 91.866666666667°E / 24.9; 91.866666666667
Plasseringa av Sylhet i Bangladesh.
Plasseringa av Sylhet i Bangladesh.
Plasseringa av Sylhet i Bangladesh.
Wikimedia Commons: Sylhet

Sylhet er ein by i det nordaustlege Bangladesh, langs breidda av Surmaelva. Han har eit innbyggjartal på om lag 928 000 (2022).[2] Byen er distriktshovudstad i Sylhet distrikt, og er blant anna kjent for mykje dyrking av te og ris. Sylhet er den tredje største produsentbyen i Bangladesh, etter Dhaka og Chittagong.[2]

Det offisielle språket i Sylhet er bengali, medan sylheti er det mest utbreidde. Engelsk er mykje tala fordi folk frå Sylhet utgjer ein viktig del av den bangladeshiske diasporaen, særleg i Storbritannia og USA. Ifølgje The Daily Star stammar kring 85 % av dei bangladeshiske innbyggjarane i Storbritannia frå Sylhet distrikt.[3]

Moske i Sylhet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.citypopulation.info/Bangladesh-Mun.html.
  2. 2,0 2,1 Martin, Megan (17. oktober 2022). «Discover the 9 Largest Cities In Bangladesh». AZ Animals (på engelsk). Henta 5. mars 2023. 
  3. Ali, Ismail (27. desember 2019). «The 'Londoni' Connection». The Daily Star (på engelsk). Henta 5. mars 2023.