Sylte i Norddal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sylte
tettstad
none  Sylte sett frå fjorden (Syltefjellet t.h, sandtaket i bakgrunnen)
Sylte sett frå fjorden (Syltefjellet t.h, sandtaket i bakgrunnen)
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Norddal
Areal 0,71 km²
Folketettleik Feil i uttrykket: Uventa operatør  div / km²
Postnummer 6210 VALLDAL

Sylte er kommunesenteret og gard i Norddal kommune i Møre og Romsdal fylke. Tettstaden har  innbyggjarar per 1. januar 2015 og ligg ved Norddalsfjorden, nedst i Valldal. Valldalselva (også kalla Valldøla) renn ut i fjorden her. Sylte ligg på austsida av elva og elveosen, Muri ligg på motsett side av elva. Sylte er ein gamal gard (grend), men størstedelen av innmarka er no brukt til tomt for sentrumsbygg. Sjølve garden Sylte går om lag 2 km oppover i dalen og omfattar Ødegård og den skogkledde Syltemoa med sandtak.[1] Fram til omkring 1955 var delar av Sylte ein allmening eigd av bønder oppover i dalen, på allmenningen stod naust og såkalla kyrkjebuder der bøndene kunne sette inn hesten og lagre private saker.[2] På den tidlegare allmenningen er det no bensinstasjon, bilverkstad og daglegvareforretning.

Sylte kyrkje frå 1863.

Her ligg Sylte kyrkje, barne- og ungdomsskulen Valldal skule og andre sentrumsfunksjonar som kommunehus og bank.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Andre nettstader[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tafjord, Leonhard (1966): Hus og heim - gard og grend. Norddal bygdebøker band II. Norddal sogenemnd.
  2. Linge, Terje (2011): Årbok for Norddal.
Spire Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.