Syltefjorden i Finnmark
Hopp til navigering
Hopp til søk
Syltefjorden er ein fjord på austsida av Varangerhalvøya i Båtsfjord kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 16 km sørvestover til garden Vesterelv i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Syltefjordstauran i nord og Svartneset i sør. Like ved Syltefjordstauran ligg den vide våge Syltefjord-Sandfjorden og garden Ytre Syltefjord. På nordsida av fjorden strekkjer Nordfjorden seg langs nordsida av Hamnesodden og inn til bygda Nordfjord. På sørsida av Hamnesodden ligg garden Hamna. Koordinatar: