Sylting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sylteglas i eit matskap.

Sylting er ein teknikk for konservering av frukt, bær og grønsaker. Han inneber som regel å koka ingrediensen ein vil sylta saman med sukker og eventuelt pektinstoff, alginat eller andre fortjukkingsmiddel. Ein ender då opp med eit stivt eller geléaktig produkt som kan kallast syltetøy, marmelade, gele eller chutney. Sukkeret verker som konserveringsmiddel. Ei anna form for sylting er sursylting, der ein sylter ved hjelp av salt og sur lake.

Etter kokinga har ein produktet i lufttette ilåt, som hermetikkglas.

Sylting av bær og frukt utan koking kallar ein råsylting.

Konsververingsmiddel[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til pektin, som kan finnast naturleg i mange sylteingrediensar, kan ein bruka andre konserveringsmiddel som anten også finst i ingrediensane eller blir tilsette. Dette kan til dømes vera sorbinsyre eller sorbat og benzosyre eller benzoat. Surleiksregulerande middel som askorbinsyre hindrar oksidasjon og bidreg dermed til betre haldbarheit, mellom anna ved å bevara fargen. I chutney kan ein tilsetja ulike krydder og smakstilsetjingar, som lauk, ingefær og chili.

Ved sursylting legg ein grønsaker som små agurkar, lauk eller gulrøter i saltvann og deretter i lake med eddik. Produktet blir gjerne kalla pickles. Desse kan også vera tilsette krydder og sukker.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «sylting». Store norske leksikon. 15. februar 2009.