Hopp til innhald

Sylvanie Burton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sylvanie Burton

Fødd1956 (70 år)
Salybia
Statsborgar avDominica
Religionkatolisisme
Yrkepolitikar
Utdanna vedSaint-Francis-Xavier universitetet
University of Manchester
Alle verv
  • president av Dominica (2023) Sjå dette på Wikidata

Sylvanie Burton (fødd 1956) er ein dominikisk politikar som blei president i den karibiske øystaten Dominica frå 2. oktober 2023, etter at ho fekk 20 av 25 røyster i det indirekte presidentvalet i september 2023. Ho blei dermed den fyrste kvinnelege presidenten i landet, og også den fyrste som frå urfolket karibarane.[1]

Burton har mastergrad i prosjektleiing frå University of Manchester og bachelorgrad i bygdeutvikling frå St. Francis Xavier University i Nova Scotia i Canada.[2] Ho har vore statssekretær i fleire departement sidan 2014.[3]

Presidentvalet i 2023

[endre | endre wikiteksten]

Den dominikiske presidenten blir vald i indirekte val for fem år. Ingen kan sitje meir enn to periodar, og den tidlegare presidenten Charles Savarin kunne difor ikkje stille til val på nytt. Burton representerer Dominica Labour Party (DLP) og blei nominert av statsminister Roosevelt Skerrit. Opposisjonen avslo å støtte Burton og nominerte Anette Sanford som sin kandidat. Burton blei vald med 20 mot 5 røyster.[4] Valet hende 27. september 2023 og innsetjinga var 2. oktober.[5]