Sylvia Burka
Sylvia Burka | |
Statsborgarskap | Canada |
Fødd | 4. mai 1954 (68 år) Winnipeg |
Idrett | sykling, lengdeløp på skeiser |
Tok del i |
Vinter-OL 1976, Vinter-OL 1980, Vinter-OL 1972, Skeise-VM 1970 for kvinner, Skeise-VM 1971 for kvinner, Skeise-VM 1972 for kvinner, Skeise-VM 1973 for kvinner, Skeise-VM 1974 for kvinner, Skeise-VM 1976 for kvinner, Skeise-VM 1977 for kvinner, Skeise-VM 1978 for kvinner, Skeise-VM 1979 for kvinner, Skeise-VM 1980 for kvinner, Sprint-VM på skøyter 1970, Sprint-VM på skøyter 1971, Sprint-VM på skøyter 1972, Sprint-VM på skøyter 1973, Sprint-VM på skøyter 1974, Sprint-VM på skøyter 1976, Sprint-VM på skøyter 1977, Sprint-VM på skøyter 1978, Sprint-VM på skøyter 1979, Sprint-VM på skøyter 1980 |
Utmerkingar |
Canada's Sports Hall of Fame |
Sylvia Burka (fødd 4. mai 1954) er ein kanadisk tidlegare skeiseløpar og syklist frå Winnipeg i Manitoba som vart verdsmeister på skeiser i firkamp i 1976 og i sprint i 1977.
Karriere[endre | endre wikiteksten]
Skeiser[endre | endre wikiteksten]
Burka debuterte i skeise-VM så tidleg som i 1970, knappe 16 år gammal. I 1973 gjekk ho til topps i verdsmeisterskapen for juniorar. OL-sesongen 1976 skreid ho inn til fjerdeplass på 1000 m under vinterleikane i Innsbruck. Vel ei veke seinare overraska ho med å vinne Skeise-VM 1976 på Gjøvik stadion, før ho så tok bronsen i Sprint-VM i Vest-Berlin. Året etter vann Burka ein suveren siger då Sprint-VM 1977 fann stad i Assen i Nederland. I 1979 sikra seg ho seg bronseplassen ved skeise-VM i Haag. Då OL-sesongen 1980 var over, la ho opp.
Sykling[endre | endre wikiteksten]
Burka vann 12 nasjonale meistertitlar i ulike sykkeløvingar, mellom anna vart ho kanadisk meister landevegssykling i 1977, 1978 og 1980.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Sylvia Burka» frå Wikipedia på tysk, den 5. februar 2018.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- «Sylvia Burka» (engelsk). olympedia.org. Henta 25. januar 2023.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1954
- Canadiske skeiseløparar
- Canadiske syklistar
- Canadiske deltakarar under vinter-OL 1972
- Skeiseløparar under vinter-OL 1972
- Canadiske deltakarar under vinter-OL 1976
- Skeiseløparar under vinter-OL 1976
- Canadiske deltakarar under vinter-OL 1980
- Skeiseløparar under vinter-OL 1980
- Folk frå Winnipeg