Hopp til innhald

Sylvia Kibet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sylvia Kibet


StatsborgarskapKenya
Fødd28. mars 1984 (42 år)
Kapchorwa
Idrettfriidrett
Tok del i Sommar-OL 2008, Samveldeleikane 2010, Friidrett under Sommer-OL 2008 – 5 000 meter damer

Sylvia Jebiwott Kibet (fødd 28. mars 1984) er ein tidlegare langdistanseløpar frå Kenya. Ho vann i 2009 VM-sølv på 5 000 meter, ein prestasjon ho gjentok to år seinare.

Kibet enda på fjerdeplassen på 5 000-meteren under VM 2007 i Osaka, slått med fattige 0,05 sekund av landskvinna Priscah Cherono, og på ny under dei olympiske leikane i Bei Jing året etter. Også då ho i Bislett Games 2009 sette personbeste på halvmila med 14.37,7 vart Kibet nummer fire. Under verdsmeisterskapen i Berlin to månader seinare sprang ho inn til sølv på spesialdistansen, slått av landskvinna Vivian Cheruiyot. 23. mai 2010 forbetra Kibet i Shanghai den personlege rekorden til 14,31,9, enno ein gong kom ho på fjerdeplass. På 5 000 meter under VM 2011 vart det dacapo på forrige VM; Cheruiyot tok gull og Kibet sølv.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «2008-12 Olympic Doping Re-Test – An Update-Update» (på engelsk). OlympStats. 2017-09-26. Arkivert frå originalen 2022-05-24. Henta 2023-04-09. «2008 Women's Athletics 5,000 metres. Elvan Abeylegesse (TUR) [Silver] disqualified. Advance Meseret Defar (ETH) to silver, and Sylvia Kibet (KEN) to bronze.»