Hopp til innhald

Sylvia Plath

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sylvia Plath

Pseudonym Victoria Lucas
Statsborgarskap USA
Fødd 27. oktober 1932
Boston
Død

11. februar 1963 (30 år)
London

Yrke lyrikar, skribent, romanforfattar, essayist, sjølvbiograf, dagbokskrivar, barnebokforfattar
Sjanger bekjennende poesi
Religion unitarisme
Far Otto Plath
Mor Aurelia Plath
Ektefelle Ted Hughes
Born Frieda Hughes, Nicholas Hughes
Signatur
Sylvia Plath på Commons
Huset i Fitzroy Road i London der Sylvia Plath enda livet sitt

Sylvia Plath (27. oktober 193211. februar 1963) var ein amerikansk forfattar best kjent for dikta sine, og romanen The Bell Jar (norsk tittel: Glassklokken).

Plath var fødd i Boston av ein tysk far og ei austerriksk-amerikansk mor. Ho vart rekna for å vera eit gåverikt barn, og allereie som åtteåring publiserte ho sitt første dikt. Ho skreiv seinare både romanar, noveller, dikt og essay. Det mest kjende verket hennar, The Bell Jar, var ein semi-biografisk roman om kampen hennar mot klinisk depresjon. Plath tok sitt eige liv i 1963, og ho har etter det fått ein tilnærma ikonisk status i enkelte miljø.

Far til Plath var professor på eit college. Han døydde i 1940, og Plath skal aldri heilt ha komme over tapet av faren. I 1950 fekk ho publisert si første novelle «And Summer Will Not Come Again» i bladet Seventeen.

Gjennom heile livet sleit Plath med alvorleg depresjon. I 1950 hadde ho byrja å studera ved Smith College, og sommaren 1953 hadde ho ein sommarjobb i eit magasin i New York. Etter at ho kom tilbake til skulen denne hausten, hadde depresjonen vorte så alvorleg at ho vart behandla med elektrosjokkterapi. I august 1953 prøvde ho å ta sitt eige liv for første gong. Ho vart innlagd ved ein psykiatrisk klinikk, og såg ut til å bli betre. I 1955 tok ho eksamen ved Smith College, og dette året vann ho også ein pris for diktet «Two Lovers and a Beachcomber by the Real Sea». Ho skildrar både sjukehusopphalda og sjølvmordsforsøket i romanen The Bell Jar.

Plath fekk eit stipend til Cambridgeuniversitetet, der ho heldt fram med å skriva dikt. Fleire av dikta hennar vart publiserte i studentavisa til universitetet. Ved Cambridge møtte ho den engelske diktaren Ted Hughes. I 1956 gifta dei seg, og dei neste åra budde paret i USA. Etter at Plath vart gravid, flytta paret tilbake til Storbritannia, der Frieda Hughes vart fødd 1. april 1960. Familien budde i London ei stund før dei flytta til den vesle landsbyen North Tawton i Devonshire. Diktsamlinga The Colossus vart gitt ut i Storbritannia i 1960. Men allereie no hadde Plath og Hughes problem i ekteskapet, og i 1962 vart dei separerte. Plath tok med barna deira, Frieda og babyen Nicholas, tilbake til London. 11. februar 1963 utførte Plath sjølvmord ved hjelp av gassen i kjøkkenet.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]

Dikt

  • The Colossus (1960)
  • Ariel (1965)
  • Crossing the Water (1971)
  • Winter Trees (1972)
  • The Collected Poems (1981)
  • Daddy
  • Poppies in July
  • Morning Song
  • Lady Lazarus
  • Mirror

Prosa

  • The Bell Jar (på norsk: Glassklokken) (1963) under pseudonymet Victoria Lucas
  • Lettars Home (1975), brev til mor hennar, og redigert av henne
  • Johnny Panic and the Bible of Dreams (1977)
  • The Journals of Sylvia Plath (1982)
  • The Magic Mirror (1989)
  • The Unabridged Journals of Sylvia Plath, redigert av Karen V. Kukil (2000)

Barnebøker

  • The Bed Book (1976)
  • The It-Doesn't-Matter-Suit (1996)
  • Collected Children's Stories (UK, 2001)
  • Mrs. Cherry's Kitchen (2001)

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Paul Alexander: Rough Magic. A Biography of Sylvia Plath. Viking, New York 1991, ISBN 0-306-81299-1.
  • Edward Butscher: Sylvia Plath. Method and Madness. Schaffner Press, Tucson 2003, ISBN 0-9710598-2-9.
  • Peter K. Steinberg: Sylvia Plath. Great Writers Series. Chelsea House, New York 2004, ISBN 0-7910-7843-4.
  • Linda Wagner-Martin: Sylvia Plath. A Literary Life. Palgrave Macmillan, Basingstoke 2003, ISBN 1-4039-1653-5.