Symfoni nr. 41 av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Symfoni nr. 41 i C-dur
K. 551
Symfoni av Wolfgang Amadeus Mozart
Periode Wienerklassisismen
Komponert 10. august 1788
Typisk lengd 32:31
Satsar 4

Symfoni nr. 41 i C-dur, K. 551, er ein symfoni av Wolfgang Amadeus Mozart som han skreiv ferdig den 10. august 1788.[1] Det var den siste symfonien han komponerte.

Verket har fått kallenamnet Jupiter-symfonien. Dette namnet kjem ikkje frå Mozart, men truleg frå impresarioen Johann Peter Salomon[2] i eit tidleg arrangement for piano.

Den 41. symfonien var den siste av tre symfoniar som Mozart skreiv i rask rekkefølgje sommaren 1788. Den 39. vart ferdig den 26. juni og den 40. den 25. juli.[1] På same tid skreiv Mozart pianotrioane sine i E- og C-dur, hans sonate facile, og ein fiolinsonatina.

Det er ikkje kjend om symfonien vart framført medan Mozart levde.

Verket er skrive i fire satsar og arrangert som ein tradisjonell symfoni frå klassisismen.

  1. Allegro vivace, 4/4
  2. Andante cantabile, 3/4 i F-dur
  3. Menuett: Allegretto - Trio, 3/4
  4. Molto Allegro, 2/2

Det uvanlege med denne symfonien er ein fugato for fem stemmer (som representerer dei fem dur-temaa) mot slutten av den fjerde satsen. Det er fugale-seksjonar gjennom heiel satsen. Hovudtemaet består av fire notar:

MozartJupiterFinaleTheme.PNG

I ein artikkel om Jupitersymfonien skriv Sir George Grove at «det er i finalen Mozart slepp laust alt han har heldt tilbake av det han har lært, og all krafta, som ingen ser ut til å ha hatt i same grad som han sjølv, og bevart denne vitskapen og gjort det til ein reiskap for musikken, som er like behagleg som lærerik. Ingen stad han oppnådd meir.»[3] Musikkvitarar er sikre på at Mozart studerte Michael Haydn sin Symfoni nr. 28 i C-dur, som òg har ein fugato i finalen.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Symphony No. 41 (Mozart)» frå Wikipedia på engelsk, den 28. desember 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Deutsch, Otto Erich (1965) Mozart: A Documentary Biography. Stanford: Stanford University Press.
    • George Grove (January 1906). «Mozart's Symfoni i C (The Jupiter)». The Musical Times (The Musical Times, Vol. 47, nr. 755) Vol. 47 (nr. 755): s. 27–31. doi:10.2307/904183. 
  1. 1,0 1,1 Deutsch 1965, 320
  2. Heartz, Daniel, Mozart, Haydn and Early Beethoven 1781-1802, s. 210, Norton (2009), ISBN 978-0-393-06634-0
  3. Grove 1906
  4. C. Sherman, Foreword to score of Sinfonia i C, Perger 31 Wien: Doblinger K. G. (1967)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]