Symfoni nr. 6 av Haydn
H. 1/6 Symfoni av Joseph Haydn | |||
Sjanger | Symfoni | ||
---|---|---|---|
Periode | Klassisismen | ||
Komponert | 1761 | ||
Typisk lengd | 21:24 | ||
Satsar/akter | 4 | ||
Toneart | D-dur |
Symfoni nr. 6 i D-dur (Hoboken 1/6) er ein tidleg symfoni skriven av Joseph Haydn og den første han skreiv etter han vart tilsett i hoffet til Esterházy. Det er den første av tre som er kjenneteikna av uvanleg virtuositet for heile orkesteret. Han vert populært kalla Le matin (Morgon).
Bakgrunn og instrumentering
[endre | endre wikiteksten]Haydn skreiv denne, den første symfonien hans for den nye arbeidsgjevaren prins Nikolaus Eszterházy, våren 1761, kort tid etter han vart tilsett i hoffet. Familien Eszterházy hadde eit glimrande kammerorkester og med det første bidraget for dei i symfonisjangeren, utnytta Haydn talenta deira til det fulle. Haydn brukte her bevisst den kjende tradisjonen frå concerto grosso, som ein finn døme frå i verka til Antonio Vivaldi, Giuseppe Tartini og Tomaso Albinoni som då var på moten i hoff rundt om i Europa. Alle tre symfoniane (no. 6, 7 og 8) har lange solopassasjar for blåsarar, horn og strykarar, inkludert sjeldne soloar for kontrabass og fagott i den tredje satsen. Verket er instrumentert for fløyte, 2 oboar, fagott, 2 horn i D, fiolin I, fiolin II, bratsj, cello, kontrabass og cembalo ad libitum.[1]
Det er ofte indikert at motivasjonen til Haydn var å glede både den nye arbeidsgjevaren (ved å lage ein referanse til ein kjend og populær tradisjon) og, kanskje viktigare, glede musikarane som han trengde velvilje hos.[2] Typisk for denne perioden var at musikarar som framførte utfordrande soloparti eller viste uvanleg virtuositet, fekk prispengar for dette. Ved å la alle musikarane få syne virtuositeten sin, spreidde han bokstavleg talt rikdomen.
Kallenamn (Le matin)
[endre | endre wikiteksten]Kallenamnet på symfonien, som ikkje vart laga av Haydn, kjem av den langsame introduksjonen i opningssatsen, som skal førestille ein soloppgang. Resten av verket er abstrakt, som dei andre symfoniane i serien. Sidan den første satsen i denne symfonien gav desse assosiasjonane vart derimot dei to andre raskt kalla «middag» og «kveld».[3]
Satsar
[endre | endre wikiteksten]- Adagio, 4/4 - Allegro, 3/4
- Adagio, 4/4 - Andante, 3/4 - Adagio, 4/4
- Menuett e Trio, 3/4
- Finale: Allegro, 2/4
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Symphony No. 6 (Haydn)» frå Wikipedia på engelsk, den 20. oktober 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Threasher, David. "Four Seasons i One Day" i Gramophone, juni 2009, s. 48-53.
- ↑ score for Symfoni nr.6 Arkivert 2011-07-11 ved Wayback Machine. på den tyske sida Haydn100&7 Arkivert 2011-07-11 ved Wayback Machine..
- ↑ D. McCaldin, Haydn Well Served i The Musical Times, Vol. 132, No. 1783 (Sep., 1991), s. 448
- ↑ For information on this symphony generally og for further details, consult H.C. Robbins Landon, The Symphonies of Joseph Haydn. (London: Universal Edition. and Rockliff, 1955)