Symfoni nr. 85 av Haydn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marie Antoinette, dronninga som La Reine er kalla opp att etter

Haydn sin Symphoni No. 85 i B-dur, Hoboken 1/85, er den fjerde av dei seks Paris-symfoniane (nr. 82-87) Skriven Joseph Haydn. Han er gjerne kjend som La Reine (Dronninga (av Frankrike)).

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artikkel for dette emnet er Paris-symfoniane.

Symfoni nr. 85 var gjort ferdig anten i 1785 eller 1786, og var ein del av dei sokalla Paris-symfoniane. Han er gjerne datert som den tredje av dei seks symfoniane Haydn fullførte, og den fyrste som blei skriven spesifikt for Paris.

Kallenamnet La Reine kjem av at symfonien blei kjend som eit favorittverk til Marie Antoinette, som på den tida var dronning av Frankrike. Det er den einaste Paris-symfonien som har eit kallenamn som går attende til 1700-talet. Trass i at Marie Antoinette, som ei austerriksk prinsesse utan tvil både var godt kjend med Haydn sin musikk frå tidlegare, og kunne ha interesser av å marknadsføre han i Paris, eksisterer det ingen prov for at symfonien har fortent namnet sitt.

Satsar[endre | endre wikiteksten]

Symfonien har dei fire normerte satsane, og er orkestrert for ein fløyte, to oboar, to fagottar, to horn, og strykarar.

  1. Adagio-Vivace
  2. Romance: Allegretto
  3. Menuetto: Allegretto
  4. Finale: Presto

Andresatsen er eit sett variasjonar over ein fransk folketone 'La gentille et jeune Lisette' (Den vakre, unge Lisette). Den langsame opninga av fyrstesatsen refererer til den franske ouverture-tradisjonen, og verket kan difor verke som eit medvitent forsøk på å appellere til eit fransk publikum.

Fyrstesatsen inneheld ein referanse til symfoni nr. 45 eller Farvel-symfonien, og ein kan òg finne ekko av denne i dei andre satsane. Denne symfonien blei framført i Paris i 1785, og blei samstundes gjeven ut i partiturform. Det er difor ein klar moglegheit for at denne referansen har noko å gjere med mottakinga Farvel-symfonien fekk i Paris, men vi veit diverre for lite om korleis symfonien blei motteken til å kunne kome til nokon klar konklusjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]