Symfoni nr. 9 av Beethoven

Ludwig van Beethoven på eit måleri frå 1820, fire år før han fullførte den niande symfonien. Han var praktisk talt døv på denne tida.
Symfoni nr. 9 i d-moll, op. 125 er den siste symfonien skriven av Ludwig van Beethoven. Han blei fullført i 1824. Han er rekna som eit romantisk musikkstykke som danna eit førebilde for vidare romantisk komponering. Verket er særs kjend og er rekna som eit av dei største meisterverka til Beethoven.
Delar av Friedrich Schiller sitt dikt Ode an die Freude (Ode til gleden) blir sunge av solistar og eit kor i siste satsen. Beethoven var den første store komponisten som brukte menneskestemmer saman med instrument i ein symfoni. Symfonien sette eksempelet for bruk av songstemmer i den romantiske symfoniforma.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Symfoni nr. 9 (Beethoven)» frå Wikipedia på bokmål, den 6. februar 2019.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |