Hopp til innhald

Joseph Haydn sine symfoniar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Symfoniar (Joseph Haydn))
Joseph Haydn
Noter til symoni nr. 95 av Haydn, skrive av komponisten sjølv.

Joseph Haydn er gjerne rekna som symfonien sin far. Han skreiv i perioden 1755-1795 ein av historia sine største symfoniske korpus, og 108 symfoniar har overlevd fram til notida (den einaste nemneverdige historiske komponist som har skrive fleire er den samtidige Carl Ditters von Dittersdorf, som ein trygt kan tileigna om lag 120 symfoniar). I dag er om lag 20 av Haydn sine symfoniar ein vanleg del av det symfoniske repertoaret.

Haydn og symfonien

[endre | endre wikiteksten]

Haydn er ofte blitt kalla symfonien sin far. Dette er ei klar overdriving; symfonien var allereie ein levande genre då Haydn mognast som komponist. Opphavet til symfonien var i den italienske overtyren, og komponistar som Wagenseil, Holzbauer, Stamitz, Richter, og Monn skreiv alle symfoniar før Haydn (med «symfoniar» reknast berre verk som ein i dag kan rettferdiggjera å kalla symfoniar. Ordet symfoni har hatt fleire meiningar opp gjennom hundreåra, til dømes kalla J.S. Bach sine trestemte invensjonar for «sinfonia»). Haydn er derimot rekna for å ha klart å oppfylle potensialet til genren i større grad enn dei tidlegare komponistane: Det er nett i Haydn si tid at standardbesetninga i symfoniorkesteret kom på plass, men Haydn hadde og fleire nyskapingar innanfor symfoniforma. Den mest openberre er at symfonien fekk ein ekstra sats i forhald til den tredelte italienske overtyren (rask-sein-rask), som tilegare hadde vore nytta som mal. Haydn la til ein tredjesats, som vanlegvis tek form av ein menuett, og laga på denne måten standarden for formoppbygginga av symfonien, heilt fram til våre dagar.

Likevel er kanskje måten Haydn behandla idear på, og måten dette påverka sonatesatsformen. Medan komponistar på same tid hadde for vane å introdusere nytt materiale i gjennomføringsdelen av ein sonatesats, let Haydn denne delen berre bestå av gjenkjennbare bitar av tema frå eksposisjonen, som blei forandra på og nytta i forskjellige situasjonar. Dette var ein essensiell del av sonatesatsformen som skulle dominere mykje av den klassisistiske og romantiske musikken, og sjølv om Haydn sjølv ofte braut med den strenge sonatesatsformen, var dette ein kalkulert effekt han nytta for å overraske publikum. (Sjå artikkel om sonatesatsform for meir detaljert informasjon)

Haydn i det symfoniske repertoaret

[endre | endre wikiteksten]

Haydn sine tidlege symfoniar fekk mykje merksemd i samtida, men med nokre få unntak (til dømes symfoni 44 og 45 er det dei siste 22, der Paris- og London-symfoniane er inkludert, som har verte hugsa i ettertida. Dette kjem av to grunnar: Haydn skreiv mange av symfoniane sine i «stilvakuumet» mellom den musikalske barokken (ca. 1600-1750) og den wienerklassiske perioden (ca. 1775-1815), og den vanlege oppfatninga er at dei siste symfoniane er dei beste. Ein annan grunn kan vera at dei tidlege symfoniane var eigedommen til Eszterhaz-familien, adelshuset Haydn jobba for. Det er berre mot slutten av den «symfoniske perioden» i livet sitt at Haydn fekk forhandla til seg rettane på eigen musikk; Medan dei tidlegare symfoniane hadde vore laga spreidde piratutgåver av kunne Haydn fritt selja dei seine symfoniane sine på den europeiske marknaden, og desse var difor godt tilgjengelege på byrjinga av 1800-talet, då det klassiske standardrepertoaret byrja ta form. Etter at Howard Chandler Robbins Landon gav ut ei ny utgåve av alle symfoniane i 1963 har ein på ny byrja å interessera seg meir for dei tidlege symfoniane, og dei er no vanlegare på konsertplanar enn nokon gong tidlegare.

Symfonisk oversikt

[endre | endre wikiteksten]

Symfoniane er her ordna etter rekkjefylgja i Hoboken-Verzeichnis. Nummer, kallenamn og anteke produksjonsår er og teke med, då desse faktorane ikkje alltid stemmer over eins.

I Hoboken-katalogen finn ein og fire andre verk kategorisert som symfoniar (Hob. I):

  • Hob. I/105 i B, betre kjend som Sifonia Concertante for fiolinar, cello, obo and fagott (1792)
  • Hob. I/106, ein symfoni der berre ein sats har overleve (1769?)
  • Hob. I/107 i B, vanlegvis kalla Symfoni A (før 1762)
  • Hob. I/108 i B, vanlegvis kalla Symfoni B (før 1765)

Nummereringa på symfoniane stammar frå eit forsøk på å organisere Haydn sin katalog i 1908 av Eusebius Mandyczewski. Symfoniane A og B var ikkje kjend på denne tida, og har difor fått indentifikasjonsbokstavar i staden for tal.

I tillegg til dei autentiske verka la Hoboken til verk som har vore tileigna Haydn, men som han rekna som tvilsame, tolkingar ettertida i stor grad har gjeve han rett i. Når det gjeld symfonien har ein identifisert heile 148 verk som har vore marknadsført under Haydn sitt namn. Bokstaven som blir lagt til i Hoboken-formelen kjem frå verket sin toneart (legg merke til at liten bokstav betyr at verket er i moll):

NummerKommentar
I:C1Av Wenzel Pichl
I:C2Av Leopold Hoffmann
I:C3Av Leopold Kozeluch
I:C4
I:C5Òg tileigna Michael Haydn i enkelte kjelder
I:C6Av Carl Ditters van Dittersdorf
I:C7Av Franz Anton Hoffmeister
I:C8Av Johann Baptist Wanhal
I:C9Òg tileigna Ignaz Holzbauer, Carl Phillip Emanuel Bach og Leopold Hoffmann i ulike kjelder
I:C10
I:C11
I:C12
I:C13Kanskje av Carl von Ordonez
I:C14Òg tileigna Johann Franz Xaver Sterkel og Johann Baptist Wanhal i ulike kjelder
I:C15
I:C16
I:C17
I:C18Rekna som tvilsam, men ikkje forkasta
I:C19
I:C20
I:C21Av Leopold Hoffmann
I:C22
I:C23
I:C24Av Carl Ditters von Dittersdorf
I:C25
I:C26
I:C27
I:C28Av Carl Ditters von Dittersdorf
I:C29
I:C30
I:C31Sannsynlegvis av Michael Haydn
I:C32Av Ignaz Holzbauer
I:C33Av Ignaz Pleyel
I:C34Av Leopold Hofmann
I:c1òg tileigna, og sannsynlevis av, Gottfried van Swieten
I:c2Av Johann Baptist Wanhal
I:c3
I:c4
I:D1Òg tileigna Michael Haydn
I:D2Av Johann Baptist Wanhal
I:D3Av Michael Haydn
I:D4
I:D5Av Carl Friedrich Abel
I:D6
I:D7Òg tileigna Josef Martin Kraus
I:D8
I:D9
I:D10
I:D11
I:D12
I:D13
I:D14
I:D15
I:D16
I:D17
I:D18
I:D19
I:D20
I:D21
I:D22
I:D23Nemnast i andre kjelder å vere skriven av ein anonym komponist
I:D24
I:D25
I:D26Av Michael Haydn
I:D27Av Leopold Hoffmann
I:D28Av Wenzel Pichl
I:D29
I:D30
I:D31Av Michael Haydn
I:D32Òg tileigna ein anonym komponist og André Grétry
I:D33Av Wenzel Pichl
I:d1
I:d2
I:d3
I:d4Av Michael Haydn
I:Es1
I:Es2Sannsynlegvis av Gottfried van Swieten
I:Es3Av Johann Baptist Wanhal
I:Es4Av Michael Haydn
I:Es5
I:Es6Av Franz Asplmeyer
I:Es7
I:Es8
I:Es9Av Guetano Pugnani
I:Es10
I:Es11
I:Es12
I:Es13Sannsynlegvis av Anton Fils, men òg tileigna Johann Christian Bach og Wenzel Pichl
I:Es14Johann Christian Bach
I:Es15
I:Es16Av Wenzel Pichl
I:Es17Òg tileigna Michael Haydn
I:E1Av Michael Haydn
I:E2
I:E3Av Michael Haydn
I:e1Av Carl Ditters von Dittersdorf
I:F1Av Franz Xaver Dussek
I:F2Av Leopold Hoffmann
I:F3Av Christoph Sonnleithner
I:F4Òg tileigna Gottfried van Swieten
I:F5
I:F6
I:F7Av Ignaz Holzbauer
I:F8
I:F9Òg tileigna Michael Haydn og Carl Ditters von Dittersdorf
I:F10Av Ignaz Pleyel
I:F11
I:F12
I:F13
I:F14Av Ignaz Playel
I:F15Av Michael Haydn
I:G1Av Wenzel Pichl
I:G2Av Michael Haydn
I:G3Sannsynlegvis skriven av Adalbert Gyrowetz
I:G4
I:G5Av Carl Ditters von Dittersdorf
I:G6
I:G7Sannsynlegvis av Franz Anton Hoffmeister
I:G8Av Michael Haydn
I:G9Av Johann Baptist Wanhal
I:g1Av Carl Ditters von Dittersdoft
I:A1Av Johann Baptist Wanhal
I:A2Av Anton Filtz
I:A3Av Michael Haydn
I:A4Av Leopold Hoffmann
I:A5
I:A6Av Carl von Ordonez
I:A7Av Johann Baptist Wanhal
I:A8Av Carl Ditters von Dittersdorf
I:A9Av Michael Haydn
I:B1Av Michael Haydn
I:B2Tre satsar: 1. og 2. sats er skriven av Michael Haydn, 3. sats er finalen i I:59
I:B3Av Michael Haydn
I:B4Av Carl Ditters von Dittersdorf
I:B5Av Joseph Schmidt
I:B6Av Joseph Schuster
I:B7Av Florian Gassmann
I:B8
I:B9Av Pierre van Maldere
I:B10Av Carl Ditters von Dittersdorf
I:B11Av Johann Baptist Wanhal
I:B12Av Pierre van Maldere
I:B13Av Johann Baptist Wanhal
I:B14Sannsynlegvis av Adalbert Gyrowetz
I:B15Òg tileigna Michael Haydn og Ignaz Playel
I:B16
I:B17
I:B18Av Pierre van Maldere