Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda med dirigent Øyvind Johan Eiksund

Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda vart skipa i 1947 av Ingmar Fottland, som var lektor i musikk ved Volda lærarskule. Saman med sentrale musikarar vart symfoniorkesteret starta og har vore i kontinuerleg drift fram til i dag. Besetninga er på om lag 40 musikarar med ei blanding av bygdefolk, studentar og tilsette ved høgskulen. Talet på musikarar varierer frå konsert til konsert og ved særskilte høve blir det hyra inn musikarar for å dekke spesialinstrument. Medlemmar i orkesteret betalar ikkje kontingent. Orkesteret har fleire konsertar i løpet av året, med nyttårskonsert og nasjonal festkonsert 17. mai som tradisjonelle høgdepunkt. I tillegg turnerer orkesteret i nærmiljøet.

Dirigentar[endre | endre wikiteksten]

Dirigentar etter Ingmar Fottland har vore Thorleif Hauso, Bjarne Dankel, Ivar Torvanger, Nils Ose, Helge Hamsaas, Leif Barmen, Harald Eikaas, Bård Dahle, Rune Bergmann og Øystein Salhus, alle musikklærarar ved Høgskulen i Volda (HVO). Noverande dirigent er Øyvind Johan Eiksund.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]