Symjehall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ankerskogen svømmehall i Hamar er mellom dei største i Noreg
Foto: Thomas Andersen
Symjehall i Berlin med oppmerka baner for konkurransesymjing

Symjehall eller svømmehall er ein bygning som inneheld vassbasseng til å symje i for opplæring, velvere, trening og konkurransar, og skal helst ha bassengstorleik i samsvar med internasjonalt fastsette mål. I symjehaller plar det ofte vere stupetårn der det kan stupast eller hoppast frå ulike høgder, anten ein, tre eller fem meters høgd, i nokre hallar òg frå ti meters høgd. Dessutan kan det vere ulike basseng med lita djupne for små born, terapibasseng med ekstra varmt vatn, diverse vass-sklier, boblebasseng der ein kan take eit bad i boblande vatn, og bølgjebasseng der det vert laga kraftige bølgjer, slik at born og vaksne kan lære seg å meistre grov sjø i tillegg til å more seg. Ofte er det òg ei badstove i hallen. I samband med hallen kan det òg nokre stader vere laga til utandørsbasseng og areal der ein kan sola seg.

Garderobar med dusjar høyrer òg til i ein symjehall, då det alltid og i alle hallar er obligatorisk å dusje og reingjere seg grundig før ein går til bassenga.