Synagogen i Trondheim

Den noverande synagogen i Trondheim vart innvigd i 1925.
Bygningen vart bygd som jarnbanestasjon i 1864, men vart seinare kjøpt av Frelsesarméen. Det Mosaiske Trossamfund kjøpte så bygningen i 1924, og etter omfattande ombyggingsarbeid vart den nye synagogen innvigd tysdag kveld den 13. oktober 1925. Samtidig vart den gamle synagogen i St. Jørgensveita nedlagt.
Under krigen vart synagogen konfiskert av nazistane (1941), og dei gjorde mykje skade på interiøret. Etter omfattande reparasjon vart synagogen attinnvigd hausten 1947.
I 1997 vart det jødiske museet opna i eit rom i synagogebygningen. Restitusjonsfondet gjorde det mogleg å utbetre bygningen, og frå sommaren 2000 vart det gjort omfattande restaurering og ominnreiing av 1. etasje. Synagogen vart attopna i 2001 med bibliotek, multimediasenter og eit kraftig opprusta jødisk museum.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Det mosaiske trossamfunn, Trondheim Arkivert 2007-07-01 ved Wayback Machine.
- Det jødiske museum i Trondheim - nettutstilling Arkivert 2005-04-03 ved Wayback Machine.