Syndmøre practiske Landhuusholdningsselskab

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Syndmøre practiske Landhuusholdningsselskab var ei patriotisk foreining med formål å utvikle næringslivet og landbruket på Sunnmøre.[1] Selskapet vart skipa 2. november 1773 hjå Melchior Falch i Borgund (dagens Ålesund kommune). Falch sjølv og presten Hans Strøm stod bak initiativet. Med på skipinga var også andre embetsmenn og leiande folk på Sunnmøre. Selskapet som var inspirert av Det kongelige Danske Landhuusholdningsselskab, dreiv mellom anna med premiering av bønder for nyttige tiltak og skulle elles drive opplysningsverksemd om forbetring av landbruket og andre næringsvegar i distriktet. Selskapet var eit av dei eldste i sitt slag i Noreg og vart føredøme for tilsvarande foreiningar andre stader i landet.[2] Selskapet delte til dømes i 1778 ut premiar på 10 riksdalar for bygging av «fæhuser av sten», 8 riksdalar for «opbrutt akerland», 6 riksdalar for «skutt 6 voksne ulver» og 5 riksdalar for potetdyrking. Verksemda i selskapet tok slutt i 1816, men det er uklart kvifor. Truleg gjekk selskapet inn i Det Kgl. Selskap for Norges Vel. Norges Vel vart skipa i 1809 med eigen distriktskommisjon for Sunnmøre og i denne distriktskommisjonen var same personane (prost Baade, sorenskrivar Kildal og futen Landmark) som i leiinga for Landhuusholdningsselskapet.[3][4]

Claus Frimanns dikt om skipinga av Norges Vel omtalar Syndmøre practiske Landhuusholdningsselskab:

På Ganger-Rolfs tangklædte Vingeleie,
Opslog Du dit Paulun, Du Falchia!
Men da Din Strøm, Din Bull drog deres Veie,
Hvor tung med Vinge lang gjensad Du da!

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Til stades på skipingsmøtet:[3]

  • prost Peder Nerem
  • løytnant Schieldrop
  • presten Christian Meldal
  • presten Johannes Brun (halvbror av Johan Nordahl Brun)
  • P.F. Astrup i Spjelkavik
  • tollbetjent Jens Lindorph
  • handelsmann Arnoldus Heide
  • handelsmann Andreas Luth
  • handelsmann Nils Hagerup
  • handelsmann Johannes Boldt
  • handelsmann Jochum C. Rode
  • handelsmann Ole Honningdal

Andre kjende personar som slutta seg til:[4]

Æresmedlemmer:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://nbl.snl.no/Melchior_Falch/utdypning
  2. Lunden, Kåre (2002): Norges landbrukshistorie. II 1350-1814. Oslo: Samlaget
  3. 3,0 3,1 Daae, Aa.: “Søndmørs Praktiske Landhusholdningsselskap. Tidsskrift for Sunnmør historiske lag, 1914, s. 5–54
  4. 4,0 4,1 Amdam, Rolv (red): Syndmøre practiske Landhuusholdningsselskab. Utgjeve av Møre og Romsdal Landbruksselskap, 1973.
  5. http://nbl.snl.no/Christian_Frederik_Hagerup/utdypning
  6. http://snl.no/Johan_Lausen_Bull
  7. http://snl.no/Ole_Christian_Bull