Synnøve Anker Aurdal
| Synnøve Anker Aurdal | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 8. desember 1908 Oslo |
| Død |
2. april 2000 (91 år) |
| Yrke | tekstilkunstnar |
| Ektefelle | Leon Aurdal, Ludvig Eikaas |
| Born | Siri Aurdal |
| Synnøve Anker Aurdal på Commons | |
Synnøve Anker Aurdal (8. desember 1908–2. april 2000) var ein norsk tekstilkunstnar, kjend som ein fornyar av kunstforma. Ho var både fødd og døydde i Oslo.[1]
Synnøve Anker utdanna seg på 1930-talet ved Prestgards vevskule på Lillehammer, og deretter ved Statens Kvinnelige Industriskole i Oslo. Ho heldt si fyrste utstilling hos Kunstnerforbundet i Oslo. Gjennom bruk av ulike materialar og teknikkar fornya ho tekstilhandverket, mellom anna tok ho i bruk modernistiske former. Mellom hennar fremste verk er Høyseteteppet frå 1961, eit bestillingsarbeid til Håkonshallen. Eit kjent verk frå seinare tid er Rommet og ordene frå 1977, det er utstilt i det islandske nasjonalbiblioteket i Reykjavik.[1]
Frå 1983 hadde Aurdal årleg kunstnarløn frå den norske staten. Ho fekk Norsk Kulturråds ærespris i 1991. Ho var elles riddar av St. Olav, og mottok Prins Eugen-medaljen.[1]
Ho var fyrst gift med målaren Leon Aurdal, seinare med Ludvig Eikaas.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 4 Danbolt, Hjørdis (18. juni 2024). «Synnøve Anker Aurdal». Norsk biografisk leksikon (på norsk).