Synnøve Solemdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Synnøve Solemdal


Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. mai 1989 (34 år)
Kristiansund kommune
Idrett skiskyting
Tok del i

VM i skiskyting 2019, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Sprint kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Normaldistanse kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Sprint kvinner

Synnøve Solemdal (fødd 15. mai 1989) er ein norsk skiskyttar frå Tingvoll som har vunne tre gullmedaljar og ein bronsemedalje i stafettane under VM i skiskyting 2012 og 2013. Ho er medlem av Tingvoll Idrettslag.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Solemdal gjekk den andre etappen då Noreg, med Tora Berger, Solemdal, Ole Einar Bjørndalen og Emil Hegle Svendsen på laget, vann mixstafetten då VM i skiskyting 2012 fann stad i tyske Ruhpolding. Ni dagar seinare fekk ho ein bronse då dei norske kvinnene gjekk inn til tredjeplass i 4 x 6 km stafett.

Under skiskytings-VM 2013 i tsjekkiske Nové Město na Moravě vart Solemdal verdsmeister både i mixstafett og 4 x 6 km stafett for kvinner. I begge stafettane var ho lagkamerat med Tora Berger, elles var Tarjei Bø og Emil Hegle Svendsen med på mixstaftten, medan Hilde Fenne og Ann Kristin Flatland gjekk dei fyrste etappane i kvinnestafetten. I dei individuelle meisterskapstevlingane har ho aldri vorte betre enn den 16. plassen ho tok i fellesstarten i 2013.

Solemdal vann jaktstarten i verdscupen i Hochfilzen den 8. desember 2012, ein prestasjon ho gjentok same staden nøyaktig eitt år etter. Elles i verdscupen i skiskyting har ho to pallplassar i Oberhof i januar 2014.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]