Synnøve Thoresen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Synnøve Thoresen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. mai 1966 (57 år)
Idrett skiskyting

Synnøve Thoresen (fødd 6. mai 1966) er ein norsk tidlegare skiskyttar frå Simostranda IL som vann eitt verdscuprenn.

Den 15. mars 1988 overraska Thoresen ved å vinne 7,5 km sprint i verdscupen i skiskyting i finske Jyväskylä. I 1989 gjekk ho på det norske laget som tok sølvmedaljar i lagtevlinga i verdsmeisterskapen, dei andre på laget var Elin Kristiansen, Anne Elvebakk og Mona Bollerud. Året etter kom ho på sjetteplassen på 15 km under VM i skiskyting 1990 i Minsk, hennar fremste individuelle prestasjon i eit stort internasjonale meisterskap. Under skiskytings-VM 1991 i Lahti tok ho nok ein medalje i lagtevlinga, den gongen saman med Signe Trosten, Hildegunn Fossen og Unni Kristiansen.

I tida 1987-91 sikra Thoresen seg tre sølv- og to bronsemedaljar i noregsmeisterskap i skiskyting. Ho la opp etter 1993-sesongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportboken, aktuelle årgangar.