Synnøve Finden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Synnøve Finden

Foto: Esther Langberg/Oslo Museum
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. desember 1882
Vik kommune
Død

6. januar 1957 (74 år)
Oslo

Yrke forretningsdrivande
Partnar Pernille Holmen
Synnøve Finden på Commons
Synnøve Finden, forretningskvinne og ystegründer. Foto: Borgen Atelier/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Synnøve Larsdotter Finden (7. desember 18826. januar 1957) var ei bondejente frå den veglause garden Finden, ved Finnafjorden i Vik i Sogn som studerte ysting og starta eigen ostefabrikk i hovudstaden.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Synnøve Finden var den åttande av ti sysken. Foreldra var Lars Johnsen (1841–1923) og Brita Johnsdatter (1845–1929). 17 år gammal reiste ho til Stavanger på meieriskule. Som nyutdanna meierske hadde ho jobbar i Drammen, Stange og Kristiania, der ho vart verande.

Finden var sterkt religiøs og vart medlem av Menigheten Møllergaten 38, som høyrde til De frie venner og stod pinserørsla nær. Her vart ho i 1924 kjend med enkja Pernille Holmen (1889-1961). Dei to kvinnene flytta saman og fekk eit livslangt samliv og forretningssamarbeid. Pernille hadde dottera Evy, så dei var tre i huslyden.

Synnøve Finden Ostefabrikk[endre | endre wikiteksten]

Finden ynskte å starta eigen osteproduksjon. Saman med Pernille Holmen begynte ho å kjøpa ostemasse og laga pultost. I 1928 starta dei to Synnøve Finden OstefabrikkVålerenga i Oslo. Synnøve hadde ideane og kunnskapen, og Pernille administrerte. Etter eit års tid lausna salet, og i 1929 kunne dei kjøpa T-Ford, samt tilsette sjåfør, syklist og fleire kvinner til ostepakkinga. Synnøve Finden kontrollerte arbeidet i fabrikken, utvikla produksjonsmetodane og eksperimenterte seg fram til ein smelteost. Verksemda blomstra: I 1937 køyrde seks varebilar rundt på Austlandet og leverte ost.

Kristeleg fabrikkfellesskap[endre | endre wikiteksten]

Berre kristne, landsens jenter fekk arbeid på fabrikken. Dei budde i leigegarden hjå Synnøve Finden og Pernille Holmen og åt alle måltid hjå dei. Lønna var låg, men husvære og mat var gratis. Dei tilsette reiste ofte på tur i helgene, til hytta på Hedemarken eller til bedehus rundt om på Austlandet. Fabrikken hadde både predikant, kor og musikantar, og verksemda gav store summar til misjonen.

Krig og nedgangstider[endre | endre wikiteksten]

Under og like etter andre verdskrigen var det vanskeleg å få tak i ostemasse, og verksemda stoppa nesten heilt opp. Fabrikken og driftsmåtane vart umoderne, og Finden og Holmen var slitne og sjuke. Evy og ektemannen Josef Dahl overtok verksemda.

Synnøve Finden døydde i 1957 som ei velhalden dame. Alt ho åtte testamenterte ho til Pernille Holmen og etterkommarane hennar. Soga seier at Synnøve berre hadde tre korte turar heim att til Finden. Men til jul sende ho alltid heim pakkar med ost.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]