Syntagmaplassen
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask. |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
| Syntagmaplassen | |||
| | |||
| Stad | Athen kommune | ||
|---|---|---|---|
![]() Syntagmaplassen 37°58′32″N 23°44′05″E / 37.975556°N 23.734722°E | |||
Syntagmaplassen (gresk Πλατεία Συντάγματος) er ei sentral open plass i Aten.[1] Han er kalla opp etter den greske grunnlova av 1844, då den fyrste greske kongen, Otto I, blei tvinga til å gje etter for eit sivilt og militært opprør den 3. september 1843.[2] Plassen ligg framfor det gamle kongelege slottet frå 1800-talet. Sidan 1934 har det husa det greske parlamentet. Syntagmaplassen er den viktigaste plass i det moderne Athen, både sett frå eit historisk og sosialt synspunkt, eit «episenter» for kommersiell aktivitet og i gresk politikk.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]
Plassen grensar mot Amalia-avenyen (Leoforos Amalias) mot aust, Odos Othonos (Otto-gata) mot sør, og Leoforos Vasileos Georgiou Protou (Kong Georg I-gata) mot nord. Gata som grensar mot plassen i vest, som forbind Odos Stadiou (Stadion-gata) med Odos Filellinon (Filhellener-gata), heiter Plateia Syntagmatos.[3] Den austlege sida av plassen er høgare enn den vestlege, og vert dominert av eit sett med marmortrapper som fører til Leoforos Amalias Syntagma metrostasjon. Trappene endar ved eit par utandørs kafear. Syntagma har òg to grøntområde, eit mot nord og eit mot sør, beplanta med skyggefulle tre, og i sentrum av plassen, ei stor fontene frå midten av 1800-talet.
Det gamle slottet er ein bygning i nyklassisk stil som har vore tilhald for det greske parlament sidan 1934. Det ligg like overfor eoforos Amalias mot aust. Det er omgjeve av den nasjonale hagen som er open for publikum. Sjølve Parlamentet er ikkje open for publikum, sjølv når ingen forhandlingar pågår. Kvar time er det vaktskiftet, ein seremoni som vert utført av Presidenten sine vaktar. Dette føregår føre grava til den ukjende soldat på plassen mellom Syntagmaplassen og parlamentsbygningen. På spesielle dagar føregår vaktskiftet med musikkorps og dei fleste av dei 120 presidentvaktene er tilstades nøyaktig klokka 11:00.

Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Den ukjente soldats grav.
- Fotgjengarovergang på Syntagmaplassen.
- Plassen i 1910
- Menneskemengda feirer frigjeringa frå aksemaktene, 18. oktober 1944.
- Trikk på Syntagma
- Vaktskifte ved den ukjende soldats grav
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «On Foot - Kolonaki-Riggilis Area-Mets». Visit Greece. Greek National Tourism Organisation. Arkivert frå originalen 11. september 2014. Henta 10. september 2014.
- ↑ DOMESTIC POLICY 1833-1897
- ↑ «Syntagma Square on the map». Bing Maps. Henta 10. september 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Syntagmaplassen» frå Wikipedia på bokmål, den 25. november 2018.
