Syntetisk apertur-sonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit skipsvrak oppdaga med SAS i 2015

Syntetisk apertur-sonar (SAS) er ein biletdannande, sidesjåande sonar med ei signalhandsaming som kombinerer sonarpulsar (ping) for å auke oppløysninga langs rørsleretninga. Metoden kan tolkast som om fleire sonarar plasserast etter kvarandre gjennom etterprosessering i programvaren og dermed bygg opp ein langt lengre sonar, noko som gjev ei tilsvarande auking i oppløysing.

SAS har potensial for å produsere høgoppløyste sonarbilete med centimeteroppløysning over fleire hundre meters rekkjevidd. Ein viktig eigenskap er at for eit gitt system vil oppløysninga langs køyreretninga vere uavhengig av avstand (og frekvens). Biletkvaliteten vil likevel gå noko ned med avstanden fordi signalet vert svakare.[1]

SAS som teknikk er nært knytt til syntetisk apertur-radar, med ein hovudskilnad i at sonar nyttar trykkbølgjer i vatn medan radar nyttar elektromagnetiske bølgjer i luft eller vakuum. To viktige konsekvensar er knytte til navigasjon og forplantningssnøggleik i vassvolumet. Sidan global navigasjon som GPS ikkje er tilgjengeleg under vatn, er dei høge krava til ping-til-ping navigasjon ei hovudutfordring som må løysast for eit fungerande SAS-bilete. Sidan forplantningssnøggleiken er rundt 1.500 m/s i vatn mot 300.000.000 m/s i vakuum, får ein òg heilt andre krav til maksimal forflytningsnøggleik for enkeltelement sonarsystem. Som ein konsekvens, er alle praktiske SAS-system i dag multielement sonarsystem.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Roy Edgar Hansen (2011), http://www.intechopen.com/articles/show/title/introduction-to-synthetic-aperture-sonar Introduction to Synthetic Aperture Sonar[daud lenkje], Sonar Systems, N. Z. Kolev (red.), ISBN: 978-953-307-345-3, InTech.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • HISAS 1030 er en kommersielt tilgjengelig syntetisk apertur-sonar utviklet i Norge av Kongsberg Maritime og Forsvarets forskningsinstitutt.