Synthliboramphus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Synthliboramphus


Japanstarik, Synthliboramphus wumizusume Nicolas Huet le Jeune, 1838, Public domain
Japanstarik, Synthliboramphus wumizusume
Nicolas Huet le Jeune, 1838, Public domain

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Alcidae
Slekt: Synthliboramphus
Vitskapleg namn
Synthliboramphus
Brandt, JF, 1837

Synthliboramphus er ei biologisk slekt i alkefamilien med fem artar av små sjøfuglar, alle lever i det nordlege Stillehavet. Artane i slekta deler det norske fellesnamnet 'starik'. IUCN har klassifisert fire av artane som sårbare eller sterkt truga. Arten nordstarik er globalt klassifisert som livskraftig, men i Canada er han truga, fordi hekkesuksessen av denne arten er særs sterkt påverka av introduserte pattedyr.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Synthliboramphus-alkene er små alkefuglar med kvit underside og blågrå eller svart overside i fjørdrakta. Nordstarik og japanstarik har eit kvitt område frå auget mot nakken, mest framtredande hos japanstarik.[2][3] Artane skil seg frå kvarandre i utforming av nebb, nordstarik har særs kort kort, kraftig, hornfarga nebb, japanstarik har kort, kraftig, bleikblått nebb, dei andre artane har langt, slankt, svart nebb. Typisk er starikar rundt 24 til 26 centimeter i kroppslengd,[2][4] Den minste arten er mexicostarik med ei kroppslengd på 21 cm.[5] Den største i slekta er nordstarik, som når ei lengd på 27 centimeter.[3] For alle fem artane finn ein berre liten grad av kjønnsdimorfisme og sesongskilnader i fjørdrakta. Den sterkaste sesongskilnaden i fjørdrakt har japanstarik, i praktdrakt har han påfallande forlenga hovudfjører som reiser seg i ein topp.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Japanstarik, Synthliboramphus wumizusume
Foto: Alastair Rae

Samla sett strekkjer utbreiinga av Synthliboramphus-alkene seg frå Californiahalvøya i søraust, nordover langs den nordamerikanske vestkysten til Alaskabukta, vestover via Aleutane til Okhotskhavet[6] og sør til kysten av Sør-Korea.

Mexicostarik er arten med utbreiingsområde lengst sør. Dei einaste påviste hekkeplassane av denne arten ligg på kysten av Californiabukta,[7] eit 160 000 kvadratkilometer hav mellom Mexico og Californiahalvøya. Utanfor hekkesesongen held mexicostarikane seg i subtropiske farvatn utanfor Mexico og vestkysten California nordover til kysten av Monterey, der han jamleg blir observert i perioden frå midten av juli til midten av oktober.

Noko lengre nord finn ein kaliforniastarik, berre litt lengre nord, blant anna på Kanaløyene i California, på øya Guadalupe og på andre øyar utanfor kysten av Californiahalvøya. Utanom hekkesesongen lever kaliforniastarik i ope hav utanfor Britisk Columbia.

Nordstarik har det vidaste utbreiingsområdet i slekta. Hekkekoloniane til nordstariken ligg på øyar mellom 52 og 60 grader nordleg breidde i det austlege Stillehavet, og mellom 35 og 62 grader nord utanfor kysten av Asia. Nordstarik er vanlege fuglar frå Aleutane til Alaskabukta. Dei finst òg utanfor Søraust-Alaska, og ved Haida Gwaii kan dei observerast i store mengder.[1] Sjølv om somme nordstarikar blir verande i hekkeområdet gjennom vinterhalvåret, vil dei vanlegvis trekke lenger sør. Til dømes finn ein nordstarikar utanfor kysten av den amerikanske delstaten Oregon frå oktober til november, og deretter blir dei observert igjen i mars. Talrike nordstarikar overvintrar utanfor kysten av California, der fuglane kjem i slutten av oktober. På den asiatiske sida trekker nordstarik sør til Taiwan på det lengste, men dei fleste held seg utanfor den japanske og koreanske kysten.[gaston 1]

Japanstarik hekkar utelukkande på einskilde øyar i kystnære farvatn i Japan, Sør-Korea og moglegvis ei bukt i nærleiken av Vladivostok i Japanhavet. Arten føretrekker fortrinnsvis i havområde med varmare havstraumar. Dette gjeld spesielt utanfor Kyushu og Izu-øyane sør for Tokyo.

Føde[endre | endre wikiteksten]

Nordstarikar søkjer føde i flokkar på opptil femti individ som dukkar meir eller mindre samstundes. Dei blir ofte forbundne med flokkar av andre fugleartar, ofte finn ein krykkje, nashornalke og andre sjøfuglar som et kril saman, og nordstarikane vil vanlegvis halde seg i utkanten av slike fleirartsflokkar. Måsar blir trekte til fordi nordstarikane skremmer tobisfiskar og anna stimfisk opp til vassoverflata.[gaston 2] Ein kjenner ikkje kor djupt nordstarikane kan dukke, men vanlegvis er dei under havoverflata i mindre enn 45 sekund, noko som tyder på ei djupne på frå ti til tjue meter.[gaston 3] Den viktigaste føda er unge tobis og kril, samt ungfisk av andre artar. Nordstarikane kan nytte småsild som føde til ungane sine. Næringsvanane til japanstarik har vore lite undersøkte, men dei beitar sannsynlegvis på liknande vis som nordstarik. Ulikt nordstarik, beitar kaliforniastariken sjeldan i flokkar, og dei et for det meste svært ung fisk. Mexicostarik et fortrinnsvis fisk med ei kroppslengd på 4-7 cm. Favorittføda er ungsild, ungfisk av slekta Sebastes og av ein lysprikkfisk i slekta Benthosema.[5]

Reproduksjon[endre | endre wikiteksten]

Alle starikar er hòlehekkarar og kolonihekkarar. Reira blir lagt i bergsprekker eller andre hòler under bakken. Dei kan sjølv grave hòler under gras og buskar, til dømes kan nordstarikar grave tunellar på opp til 2 meter til ein reirplass. Dei kan òg ta i bruk gamle reirhòler.[1] Nett som teist-artane som finn maten sin i nærleiken av hekkekolonien, legg alle Synthliboramphus-alker to egg i kullet. Rugetida er rundt 30 til 31 dagar, og begge foreldra tar del i ruginga av egga. Ungane er berre ein eller to, maksimum fire dagar gamle når dei forlèt reiret og kolonien saman med foreldra sine, og dei veks opp ute på havet. Kaliforniastarikar klekte i fangenskap viser ei monaleg endring i åtferd 48 timar etter klekking. Medan dei fram til dette tidspunktet held seg rolig i reiret, startar dei å springe ivrig rundt i hòla. I vill tilstand samsvarar dette med tidspunktet då dei dreg ut på havet med foreldra. Då er dei allereie særs gode symjarar og på land er dei i stand til å klatre over hindringar. Det finst ikkje dokumentasjon på den vidare utviklinga av ungane på havet. I fangenskap viste kaliforniastarikar ein svært langsam vektauke og dei endra fjørdrakta etter 17 dagar.[gaston 4]

Status og vern[endre | endre wikiteksten]

Bestandssituasjonen for Synthliboramphus-alkene er varierande.

Nordstarik er med ein populasjon på éin til to millionar individ den vanlegaste arten av starikar.(1996)[6] Mexicostarik er rekna å ha rundt 5000 par og totalt 15 000 til 20 000 individ.[7] Bestanden av kaliforniastarik er ikkje kjent. Japanstarik er klassifisert som sterkt truga og vert regna som den mest sjeldne arten i slekta med ein populasjon på mindre enn 15 000 individ.(1996)[8]

Alle artane i slekta er utsette felles trugsmål: introdusert pattedyr som rotter, vaskebjørn, revar og kattar medverkar til stor nedgang i bestanden for dei fire artane. Hos somme artar er menneskeleg uro òg trugande faktorar. Japanstarik, til dømes, vert uroa av yrkesfiskarar på hekkeplassen fordi han er ein mellombels base for fiskeoperasjonar. Sportsfiske likeins.[gaston 5] Framleis samlar folk japanstarikegg til matauk. Kaliforniastarikar blir tiltrekte av ljosa på skip og kolliderer med skip. Oppankring av skip nær hekkekoloniar har ført til mykje uro under hekkinga.[gaston 6] Og til likskap med mange andre alkefuglar går starikar fast i fiskegarn og druknar.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Synthliboramphus i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[9] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Anthony J. Gaston, Ian L. Jones: The Auks (= Bird Families of the World. Bd. 4 ). Oxford University Press, Oxford u. a. 1998, ISBN 0-19-854032-9.
  1. Gaston et al., s. 216
  2. Gaston et al., s. 218
  3. Gaston et al., s. 219
  4. Gaston et al. s., 210
  5. Gaston et al., s. 225
  6. Gaston et al., s. 207 og s. 208
  1. Clements et al, Updates & Corrections – September 2012 Ref til side 108

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 BC’s Coast Region: Species & Ecosystems of Conservation Concern, Ancient Murrelet (Synthliboramphus antiquus) Lest 7. desember 2014
  2. 2,0 2,1 Nettleship, D.N. & Kirwan, G.M. (2012). Japanese Murrelet (Synthliboramphus wumizusume). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2012). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (henta frå http://www.hbw.com/node/54071 den 7. desember 2014)
  3. 3,0 3,1 Nettleship, D.N. (1996). Ancient Murrelet (Synthliboramphus antiquus). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2014)
  4. Nettleship, D.N. (1996). Guadalupe Murrelet (Synthliboramphus hypoleucus). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2014)
  5. 5,0 5,1 Nettleship, D.N. & Kirwan, G.M. (2012). Craveri’s Murrelet (Synthliboramphus craveri). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2012). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (henta frå http://www.hbw.com/node/54069 den 7. desember 2014)
  6. 6,0 6,1 6,2 BirdLife International (2014) Species factsheet: Synthliboramphus antiquus. Henta frå http://www.birdlife.org den 7. desember 2014.
  7. 7,0 7,1 7,2 BirdLife International (2014) Species factsheet: Synthliboramphus craveri. Henta frå http://www.birdlife.org den 7. desember 2014.
  8. 8,0 8,1 BirdLife International (2014) Species factsheet: Synthliboramphus wumizusume. Henta frå http://www.birdlife.org den 7. desember 2014.
  9. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. januar 2014 
  10. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
  11. BirdLife International (2014) Species factsheet: Synthliboramphus scrippsi. Henta frå http://www.birdlife.org den 7. desember 2014.
  12. BirdLife International (2014) Species factsheet: Synthliboramphus hypoleucus. Henta frå http://www.birdlife.org den 7. desember 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Synthliboramphus