Sypressfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sypressfamilien
Einer
Einer
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Underrike: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Pinophyta
Klasse: Pinopsida
Orden: Bartre Pinales
Familie: Sypressfamilien Cupressaceae

Sypressfamilien (Cupressaceae) er ein av totalt sju bartrefamiliar. Ein deler sypressfamilien inn i 27-30 slekter med 130-140 artar.

Trea i sypressfamilien er eviggrøne bartre, oftast med skjelforma blad og små konglar. I Noreg er det berre einer (Juniperus communis) som er viltveksande.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Mange av sypressane kan bli svært gamle og store, slik som den japanske Sugi.

Taksogrupperingen av sypressfamilien nedanfor er gjeven att med basis i internasjonal taksonom og det nyaste nordiske standardverket, Den nya nordiska floran 2003 (på norsk: Gyldendals store nordiske flora 2007).[1] med 5 klassar og 155 familiar i Norden. Hovudnamn som er sett i kursiv viser ordenar eller familiar som berre veks utanfor Norden og som i 2007 ikkje gjekk inn i dei 155 familiane i det nordiske standardverket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bo Mossberg (red.), Steinar Moen (norsk red.): Gyldendals store nordiske flora, Gyldendal 2003 (Oslo 2007), ISBN 978-82-05-32563-0

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sypressfamilien
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.