Syreradikal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Syreradikal, acyl eller acylgruppe er ei funksjonell gruppe som er knytt til hydroksyl (OH) i eit syremolekyl.

Til dømes er formelen til eddiksyre CH3COOH, og eddiksyreradikalet er då CH3CO. På same måten er syreradikalet (benzoyl) til benzosyre C6H5CO. Slike syreradikal finst i mange organiske sambindingar. Døme er acetamid (CH3CONH2), etylacetat (CH3COOC2H5) og hippursyre (C6H5CONHCH2COOH).

Innføring av syreradikal i ymse sambindingar vert gjerne kalla acylering og er ein viktig prosess i organisk kjemi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]