Systems of Romance

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Systems of Romance
Studioalbum av Ultravox
Utgjeve 8. september 1978
Innspelt 1978
Studio Conny's Studio in Cologne, West Tyskland
Sjanger New wave
Lengd 36:09
Selskap Island
Produsent
Ultravox-kronologi
Ha!-Ha!-Ha!
(1977)
Systems of Romance Three into One
(1979)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[1]
Christgau's Record GuideB+[2]
Uncut8/10[3]
The Village VoiceB+[4]

Systems of Romance er det tredje studioalbumet til det britiske new wave-bandet Ultravox, utgjeve 8. september 1978.[5] Det var den siste innspelinga for gruppa med den originale songaren og låtskrivaren John Foxx, og det første albumet deira utan gitaristen Stevie Shears, som hadde slutta i bandet. Shears vart erstatta av Robin Simon, som spelte på den første og einaste Ultravox-plata si. Sjølv om det ikkje selde godt, hadde Systems of Romance stor innverknad på electropop-musikk som kom etter det.

Produksjon og stil[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart samprodusert av Conny Plank og Dave Hutchins og inneheld mykje meir elektronisk musikk enn dei hadde spelt til no. Det var meir new wave-aktig enn glam- og punkrockstilen dei hadde på dei to første albuma, Ultravox! og Ha!-Ha!-Ha!. Stilen på dette albumet var dels inspirert av det tyske bandet Kraftwerk, som òg vart produsert av Plank.

Opningssporet, «Slow Motion», var typisk for retninga bandet tok på albumet. Det hadde ein avansert produksjon for si tid, med ein gitarlyd basert på ei rekkje effektpedelar og synthesizerbass som erstatta vanleg bass. Songen var òg rik på anna synthesizer gjennom heile stykket, i staden for å berre spele in liten solo eller nyttast som spesialeffekt. For trommeslagaren Warren Cann «representerte det perfekt blandinga vår av rock og synthesizer, og mange av ideane ot tanke me hadde for musikken vår kom saman i den songen».[6]

Temaet i «Quiet Men» kom frå ein alternativ karakter John Foxx utvikla, kalla «The Quiet Man», som omfatta lausriving og observasjon. Musikalsk vart vanlege trommer byta ut med ein Roland TR-77 trommemaskin, som dei først hadde nytta på «Hiroshima Mon Amour». På «Dislocation» og «Just for a Moment» vart det verken nytta akustiske eller syntetiske trommer, og alle perkusjonslydane kom frå ein ARP Odyssey-synthesizer. Førstnemnde hadde ein stil som var ein føregangar for industriell musikk, medan sistnemnde hadde kyrkjeliknande vokal og klavereffektar som Foxx nytta om att på det andre soloalbumet sitt, The Garden. «When You Walk Through Me» synte spor av psykedelisk musikk som Foxx òg hadde utvikla i solokarrieren sin. Cann sa seinare at han hadde stole rytmen frå The Beatles-songen «Tomorrow Never Knows».[7] «Some of Them» var eit av få spor der bandet gjekk attende til den meir rockeprega stilen på dei førre albuma.

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom ut i september 1978, som kom ut mellom dei to singlane, «Slow Motion» i august og «Quiet Men» i oktober. Som på dei førre albuma til Ultravox, fekk Systems of Romance blanda kritikk av musikkpressa og selde heller ikkje godt nok til å gå inn på albumlista. Bandet vart droppa av plateselskapet sitt Island Records like før ein turné i 1979 i USA. Under turneen vart Foxx leia av alle kranglane med bandet,[8] og av å vere i gruppa,[9] og annonserte at han hadde tenkt å slutte i Ultravox då han kom attende til England. Gitaristen Robin Simon slutta òg og valte å bli verande i New York City. Chris Cross, Billy Currie og Warren Cann arbeidde så på andre prosjekt, medan dei henta inn ein ny songar og gitarist, Midge Ure. Besetninga på dette albumet spelte den siste konserten sin i lag i Los Angeles i mars 1979.

Systems of Romance har blitt omtalt som ei stor inspirasjonskjelde for synthpop-musikken seint i 1970- og tidleg i 1980-åra. Det var ein lydmessig prototype for det nye Ultravox med Midge Ure, som i følgje han sjølv «elska albumet».[10] Den første plata til John Foxx som soloartist var det nesten heilt elektroniske Metamatic, men det neste albumet hans, The Garden, nytta Systems of Romance som utgangspunkt og han spelte inn det tidlegare ikkje-utgjevne tittelsporet frå albumet på ny, med Robin Simon på gitar. Gary Numan, som sjølv ofte er kalla «gudfaren av electropop», skildra denne plata som den største musikalske inspirasjonen hans.[11] Han inviterte Billy Currie på turné i lag med seg i 1979 og Currie spelte på albumet hans The Pleasure Principle, som kom ut før den andre inkarnasjonen av Ultravox.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Slow Motion»Warren Cann, Chris Cross, Billy Currie, John Foxx, Robin Simon3:29
2.«I Can't Stay Long»Cann, Cross, Currie, Foxx, Simon4:16
3.«Someone Else's Clothes»Currie, Foxx4:25
4.«Blue Light»Cann, Cross, Currie, Foxx, Simon3:09
5.«Some of Them»Currie, Foxx2:29
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Quiet Men»Cross, Currie, Foxx4:08
7.«Dislocation»Currie, Foxx2:55
8.«Maximum Acceleration»Foxx3:53
9.«When You Walk Through Me»Currie, Foxx, Simon4:15
10.«Just for a Moment»Currie, Foxx3:10
Bonusspor på 2006-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
11.«Cross Fade»Cann, Cross, Currie, Foxx2:53
12.«Quiet Men» (full versjon)Cross, Currie, Foxx3:55

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Ultravox

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Thompson, Dave. «Systems of Romance – Ultravox». AllMusic. Henta 2. september 2020. 
  2. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: U». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 17. mars 2019 – via robertchristgau.com. 
  3. Dalton, Stephen (June 2018). «How to Buy... John Foxx». Uncut (253): 45. 
  4. Christgau, Robert (2. juli 1979). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice. Henta 2. september 2020. 
  5. www.metamatic.com
  6. Warren Cann & Jonas Warstad (1997). «Ultravox: The Story – Warren Cann interviewed by Jonas Warstad»: p.20
  7. Warren Cann & Jonas Warstad (1997). Ibid: p.23
  8. Warren Cann & Jonas Warstad (1997)
  9. Systems of Romance reissue CD sleeve notes, 2006
  10. Midge Ure (2004). If I Was... The Autobiography
  11. Gary Numan Talks About Ultravox Youtube