Syvde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Syvde
stad
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Vanylven
Postnummer 6140 SYVDE
Innbyggjarnamn syvding
Kart
Syvde kommune
62°05′16″N 5°44′15″E / 62.087777777778°N 5.7375°E / 62.087777777778; 5.7375
Wikimedia Commons: Syvde

Syvde er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Møre og Romsdal fylke, frå 1837 del av Vanylven formannskapsdistrikt.

1. februar 1918 vart Syvde skild ut som eigen kommune med 1 260 innbyggarar. Syvde er også namnet på ei av bygdene i Vanylven kommune. Bygda ligg inst i Syvdsfjorden. Frå Syvdsbotnen går det to dalføre; Nordalen og Sørdalen. Fjorden er ein typisk vestlandsfjord med bratte skråninger og relativt høge fjell.

1. januar 1964 vart Syvde og Vanylven kommunar saman med Rovdestranda frå Rovde kommune slått saman til den nye Vanylven kommune. Syvde hadde ved samanslåinga 1 458 innbyggarar.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for gamle Syvde kommune frå 1918 til 1964:

1.2.1918[1] 1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4] 1.1.1961[4] 1.1.1964[1]
1260 1262 1279 1365 1401 1502 1458

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 4,0 4,1 Folkemengd i Syvde 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå