Syver Berge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Syver Berge
Fødd30. juli 1939 (84 år)
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar, bonde, forstmann
Alle verv

Syver Berge (fødd 30. juli 1939) er ein norsk bonde og politikar, fødd i Oslo. Han representerte Oppland og Senterpartiet på Stortinget i tida 1989-97.

Berge utdanna seg ved Klones jordbruksskole i 1955/56 og ved Brandbu skogskole 1959-61. Han arbeidde så som forsøksassistent 1961-63 for Det norske skogforsøksvesen og var deretter 1963-68 skogbruksleiar i Nord-Gudbrandsdal. Frå 1968 til -76 var han kasserar i Langmorkje allmenning Randsverk sag. I 1976 tok han over farsgarden i Vågå, og dreiv denne i fleire tiår.

Berge engasjerte seg politisk for Senterpartiet og sat tolv år, 1968-79, i kommunestyret i Vågå. Etter fylkestingsvalet hausten 1979 representerte han Senterpartiet i Oppland fylkesting i åtte år, 1980-87. Sidan var han stortingsrepresentant frå Oppland i to periodar frå hausten 1989. Den fyrste fireårsbolken var han sekretær i Landbrukskomiteen, i den andre var han medlem i Næringskomiteen. Etter to år utan å vere folkevald, var Berge frå 1999 til 2003 ein av Senterpartiet sine representantar i formannskapet i Vågå. Som leiar 1974-80 av Oppland Senterparti, var han også landsstyremedlem i Senterpartiet.

Over ein periode på 40 år hadde Berge ei mengd ulike styreverv, mest lokalt og på fylkesnivå. Det omfatta både ideelle organisasjonar innafor naturvern, idrett og hestesport, og næringsretta organisasjonar som bondelag og skogforvalting.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]