Syvert Messel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Syvert Messel
Fødd22. juli 1897
Død3. juli 1978 (80 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar
Alle verv

Syvert Tobiassen Messel (22. juli 18973. juli 1978) var ein gardbrukar og politikar frå Oddernes i Vest-Agder.

Far hans var gardbrukar, men døydde i ung alder. Sjølv gjekk Messel i tida 1912-17 både amtsskole, middelskole og underoffiserskule. Frå 1918 dreiv han farsgarden heil fram til 1964. Jamsides gjorde han militær karriere, steig frå fenrik i 1930 til kaptein i 1947. Åra 1933-40 var han kvartermeister for Garden ved IR 7, medan han 1941-67 var likningssjef i Oddernes herad.

Messel var Venstre-mann og hadde plass i kommunestyret i Oddernes frå 1931 til -64, med unnatak for 1952-55. Han var varaordførar 1934-45 og ordførar 1945-51 og 1958-64. Etter at Oddernes vart slått saman med Kristiansand frå 1965, var han med i Kristiansand bystyre til 1971. Messelt var formann i fylkestinget i Vest-Agder i 1947-49 og i perioden 1958-63. Ei tid var han òg medlem i fylkesskulestyret for Vest-Agder. Stortingsbolken 1950-53 representerte han Venstre på Stortinget, heile fireårsbolken var han medlem i Protokollkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]