Szinva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Szinva
elv
Fossefall i Szinva
Land  Ungarn
Lengd 30 km
Kjelde Bükkfjella
Munning Sajó
Kart
Szinva
48°06′00″N 20°50′00″E / 48.1°N 20.833333333333°E / 48.1; 20.833333333333
Wikimedia Commons: Szinva

Szinva er ei elv nord i Ungarn og ei av sideelvane til Sajó. Elva har utspring i Bükkfjella og er 30 km lang. 20 km av elva renn gjennom byen Miskolc. Meir enn 70 bruer er bygd over elva og i delar av byen renn ho under bakken.

Ei demning er bygd på Szinva og elva Garadna og dette danna Hámorisjøen i Miskolc-Lillafüred rundt 1770. Den høgaste fossen i landet (20 meter høg) høyrer til Szvina like i nærleiken og er ein stor turistattraksjon. Vatnet er ei viktig vasskjelde til byen og om sommaren kan derfor dei øvre dalen av ho stundom verte tørrlagd. Då vert det pumpa vatn frå innsjøen for å få vatn i fossefalla. Garadna renn ut i Szinva om lag 100 meter etter fossen.

Szinva førte til ein stor flaum i 1878, ein av dei største flaumane på 1800-talet. Flaumen tok 400 liv og nesten øydela heile sentrum av Miskolc.

Før 1990, då Miskolc vart eit senter for tungindustri, var elva svært forureina, hovudsakleg på grunn av papirfabrikken i Diósgyőr. I dag er ho mykje reinare og dette har ført til at det i dag er noko fisk i elva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Szinva