Szymon Ziółkowski
Szymon Ziółkowski | |
![]() | |
Fødd | 1. juli 1976 (46 år) Poznań |
Yrke | sleggekaster, friidrettsutøvar, politikar |
Szymon Ziółkowski på Commons |
Szymon Jerzy Ziółkowski (fødd 1. juli 1976) er ein polsk sleggjekastar frå Poznań. Han vart olympiameister i sleggekast i 2000 og verdsmeister i 2001.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Ziółkowski deltok i sitt fyrste sommar-OL i 1996 i Atlanta, der han kom på tiandeplass, medan han under OL 2000 i Sydney noko overraskande tok gullmedaljen i sleggekast.
Under VM 2001 sette han meisterskapsrekord med 83,38 m og vart verdsmeister. Etter eit par mislykka meisterskap, EM 2002 og OL 2004, kom han sterkt tilbake under VM 2005 i Helsingfors, der han kapra bronsemedaljen.
Etter nokre medaljelause meisterskap, kasta Ziółkowski nest lengst i sleggetevlinga under VM i friidrett 2009 i Berlin og vann sølvmedaljen. Tre år seinare tok han bronsemedaljen under europameisterskapen, og vart nummer sju under sommar-OL i London.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]
- VM 1995 i Göteborg: Utslått i kvalifiseringa
- OL 1996 i Atlanta: Nr 10 med 76,64 m
- EM 1998 i Budapest: Nr 5 med 78,16 m
- VM 1999 i Sevilla: Utslått i kvalifiseringa
- OL 2000 i Sydney: Gullmedalje med 80,02 m framom Nicola Vizzioni (79,64 m)
- VM i 2001 i Edmonton: Gullmedalje med 83,38 m framom Koji Murofushi (82,92 m)
- EM 2002 i München: Utslått i kvalifiseringa
- OL 2004 i Athen: Utslått i kvalifiseringa
- VM i 2005 i Helsingfors: Bronsemedalje med 79,35 m
- EM 2006 i Göteborg: Nr 5 med 78,97 m
- VM 2007 i Osaka: Nr 7 med 80,09 m
- OL 2008 i Beijing: Nr 7 med 79,22 m
- VM 2009 i Berlin: Sølvmedalje med 79,30 m bakom Primož Kozmus (80,84 m)
- EM i 2012 i Barcelona: Nr 5 med 77,99 m
- VM 2011 i Daegu: Nr 7 med 77,64 m
- EM i 2012 i Helsingfors: Bronsemedalje med 76,67 m
- OL 2012 i London: Nr 7 med 77,10 m
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- (en) Szymon Ziółkowski – Profil på nettsida til IAAF
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Szymon Ziółkowski» frå Wikipedia på engelsk, den 6. august 2012.
- Einskildmenn
- Fødde i 1976
- Polske sleggekastarar
- Verdsmeistrar i sleggekast
- Olympiske meistrar for Polen
- Olympiske meistrar i sleggekast
- Polske deltakarar under sommar-OL 1996
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2000
- Polske deltakarar under sommar-OL 2000
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000
- Polske deltakarar under sommar-OL 2004
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004
- Polske deltakarar under sommar-OL 2012
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012