Séraphine Louis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Séraphine Louis

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 3. september 1864
Arsy
Død

11. desember 1942 (78 år)
Clermont i Oise

Yrke kunstmålar
Far Antoine Frédéric Louis
Mor Adeline Victorine Julie Maillard
Signatur
Séraphine Louis på Commons

Séraphine Louis (3. september 186411. desember 1942), som òg er kjend som Séraphine de Senlis ('Séraphine frå Senlis'), var ein fransk kunstmålar som vart fødd i Arsy i Oise og døydde i Villers-sous-Erquery i Erquery i Oise. Ho måla i ein naivistisk stil, det vil seie ein stil som i og for seg er naturalistisk, men som ikkje tek omsyn til dei godtekne kunstnariske reglane om korleis form, dimensjonar, perspektiv, farge og andre eigenskapar ved motivet skal framstillast i eit naturalistisk målarstykke.

Bouquet de fleurs (Blomebukett). No på Lille Métropole Musée d'art moderne, d'art contemporain et d'art brut.
Bouquet de fleurs (Blomebukett). No på Lille Métropole Musée d'art moderne, d'art contemporain et d'art brut.

Séraphine Louis var sjølvlært, såkalla autodidakt, og religiøs som ho var, let ho seg inspirere av dei kyrkjelege religiøse motiva til å framstille dekorative bilete som syner frukt, blomar, urter, lauv. Medan ho måla, song ho gjerne religiøse songar. Ofte var biletet komponert slik at den nedre fjerdeparten av biletet, der urter og blad var framstilt, framstod som ein slags nedre og mørkare verd enn resten av biletet, og såleis så å seie representerte ei underverd der alt det andre var rotfesta.

Ho laga sjølv pigmenta og fargane ho nytta seg av, vanlegvis blanda med Riepolin, ei målarolje som tørkar snøgt, og har aldri sagt korleis ho gjekk fram for å få til den matte, nærast voksaktige verknaden i fargane. Fyrst på eit seinare stadium, då ho hadde fått betre økonomi, nytta ho ferniss på bileta. Men fargane held seg godt og har ikkje ført til problem med omsyn til seinare konservering. Større samlingar av hennar verk er å sjå i fleire musé i Frankrike, på Musée Maillol i Paris, Musées d'art de Senlis i Senlis, Musée international d'art naïf Anatole Jakovsky i Nice, Lille Métropole Musée d'art moderne, d'art contemporain et d'art brut (LaM) i Villeneuve-d'Ascq, og på Centre Pompidou-Metz i Metz.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Séraphine de Senlis, ifylgje påskrifta fotografert av Albert Benoit før krigen.

Mora til Séraphine Louis var av bondeætt og faren var ein jordbruksarbeidar som gjekk på dagkontraktar. Ho mista mora si på eittårsdagen sin, og faren, som gifta seg opp att, mista ho før ho vart sju år gamal, og vart deretter teke hand om av si eldre syster. Ho arbeida som gjetar til ho i 1881 byrja med husarbeid hjå les sœurs de la Providence (ein katolsk kvinneorden med oppgåve å stelle sjuke og å undervise born) i Clermont i Oise. I 1901 tok ho til med å arbeide som hushjelp for velståande familiar i byen Senlis.

Samstundes som ho hadde dette arbeidet som hushjelp, tok ho til å måle i stor løyndom i fritida i ljoset frå stearinljos, og fullførte etter kvart eit kunstnarisk storverk. Den tyske kunstsamlaren og kunsthandlaren Wilhelm Uhde[1], som slo seg ned i Senlis i 1912, oppdaga kunsten hennar og sytte for å støtte hennar kunstneriske verksemd. Men på grunn av utbrotet av fyrste verdskrigen vart han tvunge til å reise frå Frankrike i august 1914, og han tok ikkje oppatt kontakten med Séraphine Louis før i 1927, etter å ha sett verk av henne på ei måleriutstilling for lokale målarar som var skipa til i rådhuset i Senlis. Med hans finansielle stønad kunne ho deretter etter eige ynske lage måleri som var to meter høge.

Etter at Wilhelm Uhde hadde skipa til ei utstilling som vart kalla Les peintres du Cœur sacré (Det heilage hjartas målarar), oppnådde Séraphine Louis ei akseptabel finansiell stilling som ho etter kvart sette over styr. Og då Uhde måtte slutte å kjøpe målarstykke av henne på 1930-talet som fylgje av dei store nedgangstidene som skylde inn over Europa då, gjekk det alvorleg over styr med henne, og ho vart innlagd for «psychose chronique» på det psykiatriske hospitalet i Clermont 31. januar 1932. Frå då av måla ho aldri meir.

Ho døydde i 1942 i ein alder av 78 år på eit anneks hospitalet hadde i Villers-sous-Erquery av svolt som fylgje av nauda og dei harde tidene som mentalhospitala i det tyskokkuperte Frankrike vart utsette for under andre verdskrigen, og vart jordfesta i fellesgrav. I dei offisielle papira står det «cueille de l'herbe pour manger la nuit ; mange des détritus» (samla gras for å ete om natta; åt søppel)[2].

Utstillingar[endre | endre wikiteksten]

Wilhelm Uhde hadde målarstykka hennar på fleire utstillingar, som:

  • Les Primitifs modernes (Dei moderne primitive) i Paris, 1932
  • Les Maîtres populaires de la réalité (Røyndomens folkelege meistrar) 1937-38 i Paris, Zürich, og New York (Museum of Modern Art).
  • Les Primitifs du XXe siècle (Det XXe hundreårets primitive) i 1942 i Paris
  • Ei utstilling med verk berre av Séraphine Louis (Separatutstilling) i Paris i 1945.


Spelefilm om Séraphine Louis[endre | endre wikiteksten]

Martin Provost laga i 2009 filmen Séraphine med Yolande Moreau i hovudrolla som Séraphine Louis, ein fransk-belgisk produksjon som vart nominert til César-prisar i ni kategoriar og fekk sju prisar. Filmen tok for seg tida frå 1912, då Séraphine Louis kom i kontakt med kunstsamlaren Wilhelm Uhde, og fram til ho vart lagd inn på det psykiatriske hospitalet i 1932.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Wilhelm Uhde var ein kunstsamlar, gallerist og kunstkritikar som var fødd 28. oktober 1874 i Friedeberg i det som no er Strzelce Krajeńskie i Polen. Han døydde 17. august 1947 i Paris, der han hadde arbeida mesteparten av tida og kom til å spele ei stor rolle i den franske kunstverda på byrjinga av 1900-talet.
  2. Roger Darquenne Lafont (Max). L'extermination douce. La mort de 40000 malades mentaux dans les hôpitaux psychiatriques en France, sous le régime de Vichy, Revue belge de philologie et d'histoire, Vol.68, N° 4, 1990, p. 1052