Sør-Ossetia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sør-Ossetia
Land  Georgia
Areal 3 900 km²
Folketal 53 532 (2015)[1]
Kart
Sør-Ossetia
42°13′30″N 43°58′12″E / 42.225°N 43.97°E / 42.225; 43.97
Wikimedia Commons: South Ossetia
Sør-Ossetia i Georgia.
Kart over Sør-Ossetia

Sør-Ossetia (ossetisk Хуссар Ирыстон, Khussar Iryston; georgisk სამხრეთ ოსეთი, Samkhret Oseti ; russisk Южная Осетия, Juzjnaja Osetija) var ein autonom oblast i Georgia i Sovjetunionen. I dag er større delar av området styrt av regjeringa i den de facto sjølvstendige republikken Sør-Ossetia, som ikkje er anerkjend av nokre land eller internasjonale organisasjonar (SN, OSSE, EU osv.). Ein annan del av Sør-Ossetia er kontrollert av dei georgiske styresmaktene. Georgia ser ikkje på Sør-Ossetia som ein sjøvstendig instans, men i april 2007 oppretta den georgiske regjeringa ei mellombels administrativ eining[2] styrt av etniske ossetarar (tidlegare medlemmar av separatistregjeringa) som gjer at Tbilisi kan styre området via lokale leiarar og forhandle med dei ossetiske styresmaktene i eit forsøk på å løyse konflikten.[3]

Sør-Ossetia har eit areal på 3 900 km² og om lag 70 000 innbyggjarar, som er ei blanding av georgiarar og ossetarar (byane er omvekslande georgiske eller ossetiske utan klåre grenser). Den største byen, som fungerer som hovudstad i området, er Tskhinvali.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sør-Ossetia ligg på sørsida av Store Kaukasus, som skil området frå det meir folkesette Nord-Ossetia i Russland, og strekkjer seg sørover til elva Kura i Georgia. Området er fjellkledd og ein større del av området ligg over 1 000 meter over havet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]