Hopp til innhald

Târgu Jiu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Târgu Jiu
by
Våpenskjold
Land  Romania
Fylke Gorj
Areal 161,000000 km²
Folketal 73 545 (1. desember 2021)
Borgarmeister Florin Cîrciumaru
Retningsnummer +40 02 53
Bilnummer GH
Kart
Târgu Jiu
45°02′03″N 23°16′29″E / 45.034166666667°N 23.274722222222°E / 45.034166666667; 23.274722222222
Wikimedia Commons: Târgu Jiu

Târgu Jiu (òg skrive Tîrgu Jiu) er ein by i Romania med om lag 75 000 innbyggjarar. Han er hovudstad i Gorj fylke i Oltenia og ligg ved foten av Dei sørlege Karpatane og ved breidda av elva Jiu. Byen vart første gong nemnd i 1406.

I 1960-åra førte kolindustrien til ein rask folkevekst. Andre lokale industriar er trevarer, maskinbygging, tekstilar, glassvarer og produksjon av sement.

Under den andre verdskrigen låg ein interneringsleir for politiske fangar (særleg frå det rumenske kommunistparitet) nær byen.

Busetnader

[endre | endre wikiteksten]
Kommunen Târgu Jiu innanfor Gorj fylke

Târgu Jiu er ein municipiu (større bykommune) med desse busetnadane:

Folketal 2011[1]Folketal 2021[2]
Târgu Jiu77 37667 751
Bârsești696639
Drăgoieni830828
Iezureni809831
Polata207207
Preajba Mare641998
Romanești548544
Slobozia9301 211
Ursați467536
  1. «Populatia stabila (rezidenta) pe judete, categorii de localitati, municipii, orase, comune si localitati componente ('Stabil befolkning (busett) etter fylke, lokalitetskategoriar, municipiu, oraș, comună og komponentlokalitetar')» (på rumensk). Institutul Național de Statistică ('Det nasjonale instituttet for statistikk'). 31. oktober 2011. Henta 27. mars 2023.
  2. «Populația rezidentă (Sexe, Județe, Municipii, orașe și comune*, Sate*) (Busett befolkning (kjønn, fylke, municipiu, oraș og comună, landsby))». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). 1. desember 2021. Henta 20. september 2023.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Târgu Jiu