Tåkeklokke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rødberg tåkeklokke i Trondheimsfjorden, i Rissa kommune.
Søndre Langåra tåkeklokke med bustadhus, uthus og naust (båthus).

Tåkeklokke er nemninga på ei klokke som vert nytta til å varsle og orientere skip og båtar om leia og farene i farvatnet når det ligg skodde. Tåkeklokker var dei fyrste tåkesignala som vart teke i bruk, og har òg vert nytta i Noreg. I åra mellom 1890 og 1910 vart det til dømes sett opp fleire tåkeklokker i Oslofjorden, og eit par av dei står framleis, Søndre Langåra tåkeklokke og Elle tåkeklokke. No er alle tåkeklokkene teke ut or bruk, men det er ikke så mange tiåra sidan at dei kunne høyrast når tåka låg over sjøen.

I samband med Nasjonal verneplan for fyrstasjoner frå 1997 har Riksantikvaren freda fem tåkeklokker i samarbeid med Kystdirektoratet, og Elle og Søndre Langåra tåkeklokker er mellom desse, slik at altså to av klokkene ligg ved Oslofjorden, og dessuten i den same kommunen, Frogn kommune i Akershus fylke. 83 fyr­stasjoner langs kysten er òg freda.

Tåkeklokkene var frittståande klokketårn bygde etter standardteikningar, og prega av den arkitekturstilen som vart kalla sveitserstil. Klokka slog kontinuerlig sine slag når tåka låg, og vart drivne av urverk som måtte dragast opp med jamne mellomrom. Vanlegvis var det likevel ikkje mannskap som budde fast på tåkeklokkene, slik det var på dei litt større fyra. Ei av dei få tåkeklokkene her i landet som hadde fastbuande mannskap, var Søndre Langåra tåkeklokke, og attmed tåkeklokka står framleis det vesle bustadhuset, naustet og uthuset, små og tilpassa vêret og tilhøva elles på denne nakne, låge luten av øya som tåkeklokka låg på. Fredninga av tåkeklokka gjeld likeeins husa, og dessutan området ikring anlegget.

Freda tåkeklokker i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]