Tåkeskogsmett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tåkeskogsmett
Tåkeskogsmett
Tåkeskogsmett
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av Tåkeskogsmett
Utbreiinga av Tåkeskogsmett
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Passeri
Familie: Gjerdesmettfamilien Troglodytidae
Slekt: Henicorhina
Art: Tåkeskogsmett H. negreti
Vitskapleg namn
Henicorhina negreti

Tåkeskogsmett (Henicorhina negreti) er ein sporvefugl i gjerdesmettfamilien som først vart observert i 1978-1984 og skildra formelt første gong i 2003. Han er endemisk for vestre Andes-regionen, Colombia.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Denne gjerdesmettarten blei sett inn i slekta Henicorhina i familien Troglodytidae ut frå resultat av analyser av morfologi, læte og krav til habitat. Den næraste slektningane er trudd å vere gråbrystskogsmett, H. leucophrys, som lever dels i tilstøytande område vest for tåkeskogsmetten sine habitat.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Tåkeskogsmetten er ein liten medlem i familien, ca. 11 centimeter i kroppslengd og masse på rundt 16 gram. Han har stutt hale, korte avrunda venger, kraftige føter og nedbøyd nebb. Fjørdrakta til denne arten er mørk, han skil seg frå gråbrystskogsmett med totalt sett mørkare utsjånad, mørkare overside enn underside, og tydelegare svarte streker i strupeområdet. Begge artar har ei lang kvit augebrynsstripe. Kjønna er like, men hannar har marginalt lengre bein og hale.[1]

Tåkeskogsmetten har ein eintydig song av meir enn 10 repeterande setningar på ca. to sekund, kvar setning med 6-12 reine tonar.[2]

Utbreiingsområdet som er kjent i dag består av eit lite areal innanfor Munchique nasjonalpark i Cauca-departementet, dessutan i eit anna isolert og avgrensa område der departementa Chocó, Antioquia og Risaralda grensar til kvarandre. Utbreiingsareala estimert til å gjere ut for totalt 8 km2. Habitatet er våt, epifyttisk tåkeskog, og berre på høgdnivå 2250–2640 moh.[2]

Tåkeskogsmetten lever her av insekt som fluger og biller som han beitar på, vanlegvis berre rundt to meter over bakken.[2]

Populasjonen er estimert til under 1000 individ, og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som sårbar. Trugsmåla er klimaendringar som reduserer fukta i periodar, og menneskeleg aktivitet som avskoging.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Salaman et. al, 2004
  2. 2,0 2,1 2,2 Kroodsma, D., Brewer, D., de Juana, E. & Sharpe, C.J. (2018) Munchique Wood-Wren (Henicorhina negreti) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 6. oktober 2018
  3. BirdLife International (2020) Species factsheet: Henicorhina negreti. Henta frå http://www.birdlife.org den 17. desember 2020

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]