Tårekanal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tåreapparatet
(a) Tårekjertel
(b) Øvre tårepunkt
(c) Øvre tårekanalikkel
(d) Tåresekk
(e) Nedre tårepunkt
(f) Nedre tårekanalikkel
(g) Tårekanal

Tårekanalen eller nase-tårekanalen (av latin ductus nasolacrimalis) er ein ductus som frakter overflødige tårer frå tåresekken til nasehola. Opninga inn mot nedre nasegang er delvis tildekt av ei ufullstendig slimhinnefold kalla Hasners ventil. Overflødige tårer strøymer gjennom tårekanalen og trekker inn i nedre nasegang. Dette er grunnen til at ein kan få rennande nase når ein gret, og at ein somme gonger kan kjenne saltsmaken av tårer i munnen. Både tårekanalen og tåresekken er tekt med fleirlaga sylinderepitel som inneheld slimproduserande begerceller, og er begge omgjevne av bindevev.

Nasetak, nasegolv og lateral nasevegg i venstre nasehole.

Dakryostenose (tårekanalstenose) er ei innsnevring av tårekanalen som fører til epifora, ei overflod av tårer. Medfødd dakryostenose kan føra til cystisk utviding av tårekanalen ved at det dannast ein dakryocystocele.

Personar med tørre augo kan få sett inn tårepunktspluggar som dekkjer over tårekanaliklane for å minske væskedrenasje og styrke tårefilmen.

Tårekanalen plar vere større hjå menn enn hjå kvinner. Kanalen strekkjer seg om lag 1,5 cm frå nedre del av naseryggen til nasehola.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bildet under syner tåreapparatet i høgre auga. Tårer strøymer ned i tårepunkta (puncta lacrimalia), gjennom øvre og nedre tårekanalikkel, og munnar ut i tåresekken. Herifrå kan overflødige tårer strøyme ut i tårekanalen, vidare ned i nasehola og tidvis opp i nedre nasegang.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]