Tårekarunkel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Framsida av venstre auge med åtskilde augelok. Tårekarunkelen er synleg til venstre.

Tårekarunkelen (av latin caruncula lacrimalis) er den vesle, raudvorne nodulen i innerkroken av auga, der tårekanalen tek til.[1] Den er samansett av talg- og sveittekjertlar, og er trekt med hud.

Augeallergi kan føra til betennelse og kløe i tårekarunkelen og konjunktivalfalden, plica semilunaris, som er eit rudiment av blinkhinna. Dette skuldast utslepp av histamin i tårefilmen og nærliggande vev.

Når helsepersonell skal setje lækjemiddel i auga, er det vanleg å be pasienten late att auga før dei legg trykk på augekroken, like over karunkelen. Dette gjer dei for å sinke drenasjen av lækjemiddelet ned tårepunktet, punctum lacrimale, slik at det ikkje trekker inn i systemkretsløpet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «karunkel». Store medisinske leksikon. Henta 8. mars 2016. 
Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.