Tåresekk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tåreapparatet syna ved dissekering av venstre andlet. Tåresekken er merkt som lachrymal sac i midten av bildet.

Tåresekken (av latin saccus lacrimalis) er den øvre, utvida delen av tårekanalen som ligg i kløfta mellom tårebeinet og framspringetoverkjeven. Den bind tårekanaliklane, som tømmer tårer frå overflata av augo, til tårekanalen, som sender væska vidare til nasehola.

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Tåresekken er oval og har ei lengd på 12 til 15 mm. Den øvre delen er lukka og krumma; den nedre går over i tårekanalen. Den superfisielle overflata er tekt med fibrøst vev frå det indre augelokligamentet. Den djupe overflata er kryssa av den lakrimale delen av augeringmuskelen, som sjølv er festa til tårebeinskammen. Både tårekanalen og tåresekken er tekt med fleirlaga sylinderepitel som inneheld slimproduserande begerceller, og er begge omgjevne av bindevev.

Blodtilførsel til tåresekken kjem gjennom arteria angularis.

Klinisk relevans[endre | endre wikiteksten]

Betennelse i tåresekken blir kalla dakryocystitt.

Tåresekken kan avbildast med dakryocystografi, der ein sprøyter inn kontrastmiddel og tek røntgenbilde.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]