Tåsinge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tåsinge
Valdemars slott Foto: Trond Strandsberg
Valdemars slott
Foto: Trond Strandsberg
Geografi


Stad Det sørfynske øyhav
Koordinatar 55°00′N 10°36′E

Areal 70 km²

Administrasjon
Land Danmark
Kommune Svendborg kommune

Demografi
Folketal 6 165
Folketettleik 87 /km²

Tåsinge er ei dansk øy i Det sørfynske øyhav. Ho er forbunde med Svendborg i nord via Svendborgsundbrua og i sør til Siø via ei demning like ved RudkøbingLangeland. Dei største byane på Tåsinge er Vindeby og Troense.

På Tåsinge ligg Valdemars slott. Slottet vart oppført frå 1639 til 1644 av Kristian IV som bustad til sonen hans, Valdemar Christian. På Landet Kirkegård ligg kjærasteparet Elvira Madigan og Sixten Sparre gravlagd. Dei vart funne skotne på Tåsinge i 1889, etter å ha rømd saman frå Sverige.

Frå tårnet på Bregninge kyrkje, som ligg om lag 100 meter over havet, har ein god utsikt til Sørfyn, Als, Sjælland og Det sørfynske øyhavet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]