Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tær)
Kattetær.

(fleirtal tær, frå norrønt ) er dei ytste, leddelte delane av foten til menneske og dyr. Ei tå kan enda i ei negl, klo, hov eller klauv. Tær blir ofte brukte til å gå med, men kan også brukast til å gripa med og anna. Visse dyr, som kattar, går hovudsakleg på tærne, og blir kalla for tågjengarar.

Mennesketær[endre | endre wikiteksten]

Tær på ein menneskefot.

Menneske har fem tær på kvar fot. Desse har kvar fem rørlege falangar (phalanges) danna av bein. Ytst på oversida har dei nokså flate negler. Tærne er bygde som fingrane, men skil seg frå desse ved at knoklane er mindre og spinklare. Stortåa (hallux) er eit unntak frå dette. Hjå menneske skil også tærne seg frå fingrane ved at stortåa ikkje kan stillast mot dei andre tærne (som ein tommel). Dette gjer at menneskefoten ikkje er eigna som gripereiskap.

«Tå» kan også visa til framdelen av sokkar, strømper eller sko, det vil seia den delen av plagget som dekkjer tærne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Tå» (15. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 15. juli 2014.
  • Holck, Per. «Tå» (13. februar 2009), Store medisinske leksikon.
Spire Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.