Tödi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 46°48′40″N 8°54′53″E
Tödi
Piz Russein
fjell
Tödi.jpg
Tödi og Bifertenbreen (venstre)
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton Glarus
Fjellkjede Glarus-Alpane
Høgd 3 614 moh
Primærfaktor 1 570 m ↓  mot Finsteraarhorn
Koordinatar 46°48′40″N 8°54′53″E
Førstestiging Augustin Bisquolm
 - dato 1824
Switzerland location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Tödi

Tödi, eller på retoromansk Piz Russein, er eit 3 614 m høgt fjell, det høgste fjellet i Glarus-Alpane i Sveits og den høgste fjelltoppen i kantonen Glarus. Store delar av fjellet er bredekt og vanskeleg tilgjengeleg. Tödi delar seg i tre fjelltoppar som kvar ligg i god avstad frå einannan; det er Piz Russein (3 614 m; vesttoppen), Glarner Tödi (3 577 m; austtoppen) og Sandgipfel (3 388 m; nordtoppen). Fjellet ligg langs grensa mellom kantonane Graubünden (i sør) og Glarus (i nord).

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Tödi ligg i den vestlege delen av Glarus-Alpane, mellom Linthal i nord og Disentis i sør. Fjellet reiser seg bratt opp på tre av sidene, særleg bratt opp frå dalen Val Russein. Nede under desse bergsidene ligg fleire mindre isbrear. Toppen av massivet er på nordsida i hovudsak dekt av snøbrear. Frå fjellet mot aust strekker Bifertenfirn seg, ein 4 km lang bre med talrike sprekker. Den mykje større Hüfibreen ligg få kilometer lenger vest, opp mot fjellet Clariden. Mot nord reiser Tödi seg nesten 3000 m opp frå dalbotnen langs elva Linth. Høgdeskilnaden mellom dalbotnen og fjelltoppen er noko mindre på sørsida.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Geologisk høyrer sokkelen av Tödi til den austlegaste delen av Aar-massivet. Over desse krystallinske bergartane ligg topplaget. I botnen av topplaget finn ein rötidolomitt danna i trias, eit i augefallende, omkring 50 m breitt raudgult band. Dei øvste bergartane er av kalkstein frå jura.

Toppturar[endre | endre wikiteksten]

Ein benediktinar-pater frå Disentis gjorde kring 1800 fleire forsøk på kome til topps på Tödi. Det siste forsøket gjorde den då over 70-årige pateren den 1. september 1824 saman med P. Curschellas og A. Bisquolm. Grunna høg alder gav pateren opp å nå toppen, men dei to andre kom til topps. Turen tok til i Graubünden gjennom Val Russein og truleg over Porta da Spescha.

Dagens normalrute går frå Fridolinshütte ved ei bretunge av Bifertenfirn, via Grünhornhütte langs Bifertenfirn over ”den gule veggen”, vidare over breen til topps på Piz Russein.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]