Tösstal

Koordinatar: 47°21′01″N 8°56′06″E / 47.35028°N 8.93500°E / 47.35028; 8.93500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tössdalen)
Tössdalen ved Bäretswil
Winterthur-Wülflingen

Tössdalen eller Tösstal er ein dal og ein region i kantonen Zürich i Sveits.

Dalen utgjer delar av Zürcher Oberland inkludert distrikta Hinwil, Pfäffikon og Winterthur, i tillegg til delar av Zürcher Unterland (nedre Tössdalen).

Vanlegvis er Tösstal namnet på den øvre Tössdalen, altså den smale delen søraust for byen Winterthur. Elva Töss spring ut ved Tössstock (1154 moh) og renn gjennom dalen med kommunane og landsbyane Steg, Lipperschwändi og Wellenau (landsbyar i Fischenthal), Bauma, Juckern, Blitterswil, Saland, Tablat, Wila, Turbenthal, Zell, Rikon, Kollbrunn og Sennhof nær Winterthur. Tösstal er eit populært fritidsområde.

Nedre Tössdalen er den mykje breiare og flatare delen vest for Winterthur; og utgjer delar av Winterthur kalla Töss og Wülflingen, kommunane Neftenbach, Pfungen, Dättlikon, Embrach, Rorbas, Freienstein og Teufen der elva Töss munnar ut i Rhinen ved Tössegg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

47°21′01″N 8°56′06″E / 47.35028°N 8.93500°E / 47.35028; 8.93500