Tøffe, det lille lokomotivet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tøffe, det lille lokomotivet
Typeanimated television series
SjangerBarne-TV, eventyrserie
OpphavslandStorbritannia
Språkengelsk
SkaparOliver Postgate
KanalITV

Tøffe, det lille lokomotivet (originaltittel Ivor the Engine) er ein britisk animert TV-serie for barn. Serien blei opphavleg sendt på ITV i 1959, men gjenoppstod i 1970-åra i fornya versjon med fargar på BBC. Her blei han send frå 1975 til 1977. Serien blei laga av Oliver Postgate og Peter Firmin sitt produksjonsselskap Smallfilms. Teikningane var ved Peter Firmin, musikken var komponert av Vernon Elliott og framført av The Vernon Elliott Ensemble, og historiene var skrivne av Oliver Postgate, som også var produsent.[1]

Serien blei vist i NRK på 1960-, 1970- og 1980-talet. Dei norske stemmene blei lesne av Ragne Tangen og Rolf Just Nilsen.

Tøffe, det lille lokomotivet utgjorde hovuddelen av episodane i NRK sin barnetv-serie Tertitten, som blei sendt i 1969 og 1970, med Jon Skolmen som programleiar.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Aftenposten morgen Radio/TV – Tøffe er tilbake (12.9.1980, s. 4)
  2. «NRK TV - Se Tertitten» (på norsk). Henta 17. juli 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]