Tømmeråsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 68°11′15″N 16°23′22″E

Tømmeråsfjorden

Tømmeråsfjorden (samisk Dimbarásvuodna) er ein fjordarm av Haukøyfjorden og Tysfjorden i Tysfjord kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg om lag 5 km austover til grenda med same namn.

Fjorden har innløp mellom Fuglfjordneset i sør og Tømmeråsneset i nord. Tømmeråsen på 265 meter over havet ligg på nordsida av fjorden og grenda med same namn ligg nedanfor åsen ved sida av fjorden.

Riksveg 827 går langs austsida av fjorden.