Tømmerhengar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Traktor med tømmerhengar ved Ømmervatnet i Vefsn

Ein tømmerhengar er ein tilhengar bygd for traktor eller firhjuling, konstruert for å transportere kappa tømmer frå skogen og fram til velteplass, eventuelt direkte til ei gardssag eller andre stader det er bruk for tømmeret.

Ein tømmerhengar er bygd av stål og har stakar som held lasset på plass. Han er oftast utstyrt med tømmerkran til lasting og lossing.

Nokre tømmerhengarar har drift på hjula, henta via kraftoverføring frå kraftuttaket på traktoren.