Tømmermannspanel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tømmermannspanel med profilerte 1”5” bord som påbord, truleg lagt på seint 1800-tal
Tømmermannspanel av 19x95 mm bord på uthus

Tømmermannspanel er ei ståande bordkleding med over- og underliggar. Tømmermannspanel er den mest utbreidde utvendige paneltypen på trehus i Noreg.

Breidda på overliggarane varierer frå fem til åtte tommar, på småhus er det bruka bord ned til fire tommars breidd. Tjukna var frå gammalt vanlegvis 1 ”, sjeldnare 5/4 ”, etter 1900 ofte 7/8 ”.

Tømmermannspanel vart vanleg ved kleding av lafta tømmerhus frå 1600-talet . På store hus vart panelet bruka fram til omkring 1800, på småhus til omkring 1870. På denne tida vart overliggaren gjerne pynta med profilering. Tidleg på 1900-talet kom paneltypen attende, og etter andre verdskrigen har han, no utan profilering, vorte svært vanleg på alle slags trehus. Med dagens mål vert han sett opp med minst 19 mm tjukke bord og mellom 125 og 200 mm breie overliggarar. Underliggarane kan vere ned til 67 mm breie. Overlappinga bør vere 20-30 mm.

Tømmermannskledingen vert sett opp med margsida ut. Det er spesielt viktig at overliggaren har margsida ut, sidan borda når dei tørkar vil krumme seg som om årringane forsøkjer å rette seg ut. Er bordet lagt feil veg, vil det bli ei glipe mellom overliggaren og underliggaren. Avstanden frå ytterkanten av ein overliggar til ytterkanten av neste overliggar kallar vi panelmodul. Sidan vi kan variere overlappinga, vert panelmodulen fleksibel, og før ein startar legginga, kan ein rekne ut ein høveleg panelmodul for ytterveggen ein vil bordkle. Så spikrar ein opp underborda med den avstanden ein har rekna ut, før ein spikrar påborda utanpå desse.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]