Tønne land

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tønne land er ei gammal måleining for areal, i prinsippet det åkerlandet ein treng for å så ei tønne korn.

Ei tønne land svarte i Noreg 40 000 ft2 eller 4 mål eller 3,937 dekar. I Danmark var ei tønne land 56 000 ft2 = 5,516 dekar og i Sverige (tunnland) 56 000 svenske ft2 = 4,936 dekar.

Ei tønne land kunne inndelast i 8 skjepper land. Måleiningane vart lite bruka i Noreg, men finst i ein del statistikk over åkerland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]