Tønsberg kommune
Tønsberg kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestfold og Telemark | ||
Adm.senter | Tønsberg | ||
Areal | 329,26 km² | ||
- land | 326,47 km² | ||
- vatn | 2,79 km² | ||
Folketal | 57 794 (1. januar 2022) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Anne Rygh Pedersen (Ap) | ||
Kommunenr. | 3803 | ||
![]() Tønsberg | |||
Wikimedia Commons: Tønsberg | |||
Nettstad: www.tonsberg.kommune.no | |||
Tønsberg er ein kommune i Vestfold og Telemark fylke. Kommunen grensar mot Sandefjord og Larvik i vest, Horten og Holmestrand i nord og mot Færder i i sør. Aust for Tønsberg ligg Oslofjorden, og midtfjords grensar kommunen der mot Moss, Råde og Fredrikstad. Administrasjonssenteret er byen Tønsberg.
Med eit innbyggjartal på 56 293 (per 1. januar 2020), er Tønsberg den syttande største kommunen i Noreg.
Høgaste punkt er Snippane på 399,6 moh.
Tønsberg by er kjend for Slottsfjellet, eit rikt kulturliv, Statens Park, i tillegg til Sjukehuset i Vestfold. Ein kjem seg til Tønsberg med bil, båt eller tog. Tønsberg er rekna som den eldste byen i Noreg, og her er òg ei av domkyrkjene i landet.
Kjende personar frå Tønsberg[endre | endre wikiteksten]
- Anders Aukland, skiløpar
- Jon Bing, forfattar, professor
- Ronny Johnsen, fotballspelar
- Jahn Teigen, musikar og artist